Husdyrhald & fôring

Dyrevelferd

God dyrevelferd er grunnleggjande i økologisk produksjon. Den internationale paraplyorganisasjonen IFOAM har satt ned fire felles prinsipp for økologisk produksjon (www.ifoam.org).


Eit av dei overordna prinsippa er helseprinsippet. Her blir det poengtert at økologisk landbruk skal bevare, sikre og fremje helsa til både dyr og menneske. Helse er ikkje berre fråvær av sjukdom, men å bevare og sikre fysisk, psykisk og sosial trivsel og økologisk balanse. Førebygging av sjukdom er sentralt. Eit av dei andre overordna prinsippa er økologiprinsippet. Økologisk landbruk skal arbeide med dei økologiske systema og etterlikne dei. Ein bør derfor arbeide for å få til ein produksjon der dyra kan utfalde seg i samsvar med den naturen dei har.