Behandling av sjuke dyr
Førebyggjande dyrehelsetiltak står sentralt i økologisk husdyrhald, men dersom dyra blir sjuke, skal dei behandlast straks. Omsynet til dyrevelferda må vere overordna, slik at ikkje nødvendig legemiddelbruk blir forsømd, sjølv om det fører med seg utvida tilbakehaldingstid eller tilbaketrekking av økologisk godkjenning.
I regelverket for økologisk husdyrproduksjon er det framheva at bruken av kjemisk eller syntetisk framstilte legemiddel skal vere minst mogleg. Dette har bakgrunn i økologiprinsippet, som seier at ein skal arbeide med dei økologiske systema og etterlikne dei. Samtidig seier ein i helseprinsippet at ein skal fremje helsa til både dyr og menneske, og bevare økologisk balanse. Førebygging av sjukdom er derfor sentralt, men om dyr blir sjuke, skal dei behandlast straks.
Ein skal derfor leggje vekt på naturlege terapeutiske middel og metodar, som homeopati, fytoterapi og bruk av mikronæringsstoff. Desse metodane blir ofte kalla alternativ medisin, eller komplementær medisin. Komplementær medisin betyr at det er metodar som utfyller eller blir brukte saman med annan medisin. Dersom desse midla og metodane ikkje er effektive ved dei aktuelle sjukdomstilfella eller skadane, skal annan behandling brukast. Det er også viktig at ein vel behandling i samråd med veterinær.
Fytoterapi er behandling med urter og medisinplanter. Det greske ordet fyton betyr ’plante’. Heilt opp til moderne tid har legemiddel vore baserte på urter og planter. Enno er det medisinar som blir framstilte på plantebasis, til dømes smertestillande og bedøvande morfin. Det er feil å tru at produkt frå urter, fordi dei er naturlege, er mildare enn kunstige syntetiske produkt, framstilt på laboratorium. Planter kan vere alt frå svært milde og ufarlege til svært skadelege og giftige. Verknaden kan også vere avhengig av dose; ein liten dose digitalis (revebjølle) kan få eit hjarta til å slå betre, mens for stor dose kan stoppe hjarta for godt. Det er derfor viktig å ta kontakt med fytoterapeut om ein vil prøve å bruke urtemedisin. Fleire planter er prøvde ut i samband med å auke motstandskrafta til dyra mot parasittar. Eit døme er tørka rot av sikori (Cichorium intybus), som har vist seg å redusere infeksjonsfaren og eggutskiljing knytt til rundorm (Oesophagostomum spp.) hos gris.
Homeopati byggjer på likskapsprinsippet. Det går ut på at sjukdom skal kunne behandlast med ekstremt fortynna dosar av middel som i større dosar vil framkalle nettopp den sjukdommen dei skal kurere. Homeopatiske middel blir framstilte gjennom ein potenseringsprosess som består av fortynning og risting/støyting. Det er ingen solid dokumentasjon på at homøopati verkar, men fleire husdyrprodusentar og veterinærar meiner dei har hatt gode erfaringar med bruk av homeopati på dyr.
Andre aktuelle behandlingsformer er akupunktur og massasje. Ifølgje lov om veterinær og anna dyrehelsepersonell, LOV-2001-06-15-75, er det berre veterinærar som kan utføre injeksjonar eller annan perforering av hud eller slimhinne. Dyrepersonell kan derimot nytte medhjelpar. Det vil seie at ein akupunktør som ikkje er veterinær, kan behandle dyr med akupunktur om han eller ho er fagleg underlagd ein veterinær.
Det er viktig at behandling av sjuke dyr blir gjord i samråd med veterinær. Samtidig er det også viktig at den som skal bruke eller som rettleier i bruken av metodar som homeopati og fytoterapi, har utdanning i bruken av behandlingsmetoden på husdyr.
Veteropati
Veteropatistudiet er utdanning i å behandle dyr med alternativ medisin. I veteropati bruker ein veterinærmedisinsk tankegang og forståing, slik at ein kan arbeide saman med og ha fagleg utveksling med veterinærar.
Meir om komplementær og alternativ medisin


