Husdyrhald & fôring

Krossensilering av korn

Målet om 100 % økologisk fôr kan skape utfordringar i form av tilgang på fôr av god kvalitet og riktig samansetjing. Krossing av korn er ein metode som kan gjere eigenproduksjon av kraftfôr mogleg der vekstsesongen ikkje er lang nok, eller der hausten er for regnfull til å få kornet fullmode. Korn som skal krossensilerast, kan haustast 10 til 20 dagar tidlegare enn korn som skal tørkast.

Det krossensilerte kornet er eit velsmakande og energirikt fôr med grov struktur. Det ser ut til å verke positivt på vomfunksjonen å la dette fôret erstatte finmale kraftfôr i rasjonar med mykje kraftfôr. Buskap som er fôra med mykje krossensilert korn, har ofte høgt protein- og feittinnhald i mjølka. Dette tyder på at dyra har stort opptak av energi, og at den forbetra vomfunksjonen fører til betre utnytting av grovfôret. Krossensilert korn eignar seg godt som fôr til gris om det blir gitt fullverdig protein i tillegg. Også kylling utnyttar krossensilert bygg godt.

Dei essensielle aminosyrene i kornet blir meir eller mindre brotne ned under gjæringsprosessen. Dette har lite å seie for drøvtyggjarar, men det er viktig å ta omsyn til det i fôringa av einmaga dyr. E-vitaminet i kornet blir gradvis øydelagt under gjæringsprosessen. Tilskot av mineral og vitamin er oftast nødvendig.

For å kunne nytte mest mogleg av avlinga kan ein gjere halmen som er att etter treskinga av det gulmodna kornet, om til eit godt fôr om ein set til melasse, pressa og pakka lufttett. Melassen kan også blandast i siloen saman med andreslåtten.

Krossensilering i korte trekk

  • Treskje kornet på gulmodningsstadiet (35–50 % vatn)
  • Valse kornet i ei krossemaskin
  • Tilsetje melasse eller myse som ensileringsmiddel
  • Lagre ensilasjen lufttett fram til fôring

 

 

Krossa korn kan være ein måte å redusere innkjøp av kraftfôr på i område der vekstsesongen er for kort til at en kan få korn til fullmodning. Foto, Steffen Adler, Bioforsk

{F6AA7E35DF5C}

 

Meir om krossing av korn her