Emne

Tiltak mot skadegjerarar i økologisk fruktdyrking

For å sikra ei vellukka økologisk fruktdyrking er det ein føresetnad at grunnleggjande faktorar er best moglege. Ei tilfredsstillande inntektsgjevande dyrking er avhengig av sortar som er sterke mot skadegjerarar, dyrkingssystem og vekst som gjer risikoen for skader minst mogleg. Opne tre og godt reinhald i og rundt frukthagen reduserer risikoen for skader av t.d. skadeteger.

I økologisk fruktdyrking er hovudfokuset i plantevernet på førebyggjande tiltak. Dei viktigaste direkte tiltaka ein kan nytta i økologisk dyrking er olje og såpe mot skadedyr. Mot sopp kan ein nytta svovel og bikarbonat.

Næringsforsyning påverkar plantene sin styrkje mot skadegjerarar, men generell gjødsling er ikkje teke med i denne planen. Kalsium er eit næringsemne som er særleg viktig for plantene/fruktene sin styrke mot skadegjerarar. Jamn vasstilgang er viktig for at kalsium skal verta transportert opp i trea. Likevel kan det ved spesielle klimatiske tilhøve, avlingsnivå m.m. vera rett å bladgjødsla med kalsiumklorid. Faktorar som må vurderast før ein evt. bladgjødslar med kalsium, er nemnt i eit eige ark. Last ned ark HER{F6AA7E35DF5C}

Det er mange tiltak som vert prøvd (t.d. forvirringsferomon, middel som er godkjende i andre land) og mange gode kjerringråd. I denne planen har me fyrst og fremst teke med dei direkte tiltaka mot skadegjerarar som er godkjende i økologisk fruktdyrking. Arka kan lastas ned som pdf-filer her.

Planene vil verta revidert årleg (eller oftare om det er naudsynt) etter som me får meir kunnskap og røynsler med økologisk fruktdyrking.

Planene er utarbeidd av Bioforsk Ullensvang og Bioforsk Økologisk i nært samarbeid med kollegaer i Bioforsk Plantehelse, og med innspel og kommentarar frå rådgjevarar i Norsk Landbruksrådgjeving og fruktdyrkarar. Me tek gjerne mot rettingar, forslag til forbetringar og kommentarar..

Planene vil verta revidert årleg (eller oftare om det er naudsynt) etter som me får meir kunnskap og røynsler med økologisk fruktdyrking.

 

Tiltak mot skadegjerarar i økologisk fruktdyrking: EPLE

 
 

Tiltak mot skadegjerarar i økologisk fruktdyrking: SØTKIRSEBÆR i plasttunnel

 
 

Tiltak mot skadegjerarar i økologisk fruktdyrking: SØTKIRSEBÆR med vanlig dekkesytem

 

Tiltak mot skadegjerarar i økologisk fruktdyrking: PÆRE

 

Tiltak mot skadegjerarar i økologisk fruktdyrking: PLOMME

   

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.