Val av driftsopplegg
Utmarksbeite er grunnlaget for mykje av kjøttproduksjonen på sau og lam i Noreg. Målet i ei økologisk driftsform er at sauehaldet skal klare seg mest mogleg med garden sine eigne, lokale og fornybare ressursar.
Beite og konservert grovfôr dyrka etter økologiske retningsliner er dei viktigaste fôrmidlane. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidlar vert ikkje brukt, og god dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg.
FOKUS-rapporten omhandlar ulike sider ved sauehald, med særleg vekt på det som er spesielt for økologisk drift. Utfordringane for økologisk sauehald er i stor grad knytt til dyrking av grovfôr og til bygningskrav. I tillegg er rett fôring, sjukdomsførebygging og parasitthandtering viktig.
Reglane for økologisk produksjon vert revidert med jamne mellomrom og du finn dei på www.mattilsynet.no under økologisk landbruk eller på www.debio.no.
Foto: Heine Schjølberg
Val av driftsopplegg
Kva driftsopplegg ein vel avheng av fleire faktorar, mange av desse er knytt til garden og garden sine ressursar uavhengig av om ein driv økologisk eller konvensjonelt:
- Tilgang på grovfôr
- Tilgang på beite – både areal og kvalitet
- Tilgang på eigenproduserte og konsentrerte fôrmidlar
- Bygningar og investeringsbehov
- Klimatiske tilhøve, jordsmonn og arrondering
- Arbeidskraft, arbeidstoppar og fagleg interesse
Kva mål ein har med sauehaldet er avgjerande for driftsopplegget. Skal ein produsere mest mogleg kjøtt, eller er det landskapspleie som er hovudmålet? Vel ein å ha ein kjøttfull rase eller ein meir lettbeint rase? Kan jorda drivast intensivt, eller er det eit meir ekstensivt jordbruk som høver best?
Når ein vel å drive økologisk og kuttar ut kunstgjødsel går avlingane oftast ned. Det er difor ein fordel å ha rikeleg med grovfôrareal, eller kunne ta i bruk meir areal dersom ein ønskjer å oppretthalde samme avlingsmengde. Ei viss mengde innkjøpt økologisk kraftfôr kan nyttast. Økologisk kraftfôr kostar 1- 2 kr meir per kg enn konvensjonelt kraftfôr. Det er difor ein fordel med innmarks- og utmarksbeite av god kvalitet og høve til å dyrke og hauste godt grovfôr for å redusere behovet for kraftfôr. Dersom ein ynskjer å bruke lite kraftfôr, kan eit alternativ også vera og ikkje para lamma. Para lam har større behov for energi og protein i innefôringsperioden, både vinteren før første lamming og påfølgjande vinter. Å tilpasse lammingstidspunktet slik at søya og lamma kjem raskt ut på beite, gjer at behovet for kraftfôr i perioden rundt lamming vert mindre.
Gjødsel
Ei av dei største utfordringane ved økologisk saueproduksjon er å ha nok plantenæring, særleg til langvarig eng og beite. Sauene er ofte i utmark, skog eller på fjellet store delar av beitesesongen. Samanlikna med andre husdyrproduksjonar gir sauer lite husdyrgjødsel per dekar på arealet som vert bruka til fôrproduksjon. Difor er det viktig å utnytte tilgjengeleg gjødsel best mogleg og leggje til rette for at avlingsnedgangen etter omlegging vert minst mogleg. Meir om grovfôrdyrking på økologiske sauebruk finst på www.agropub.no. Reglane for økologisk sauehald inneber eit større innandørs arealkrav per sau enn normene for konvensjonelt sauehald tilseier.


