Husdyrhald & fôring

Rase og avl

Det kan vere mange ulike årsaker til kva sauerase ein vel å ha i gardsdrifta, uavhengig av om ein driv økologisk eller ikkje.

Dei ulike rasane har ulike karakteristikkar som kan vere fordelar eller ulemper avhengig av kva ein vil leggje vekt på. Sauerasane i Noreg blir delt inn i korthala og langhala rasar. Alle spælsaurasane har kort hale og stammar frå den nordeuropeiske korthalesauen, som har vore i Noreg så lenge det har vore sau her. Dei korthala har ull med forholdsvis kort, finfibra botnull og lang, glatt, grovare dekkull.

Dei langhala rasane stammar frå ulike britiske sauerasar som vart importert på 17-, 18- og 1900 talet. Dei blir også kalla crossbredtype på grunn av crossbredull som er ull med berre middels fin botnull. Meir informasjon om sauerasar er å finna på fleire nettstader, mellom anna:  http://agropub.no/id/10718.0.

Norsk kvit sau (NKS) er den mest vanlege rasen i Noreg i dag. Rasen er ei kryssing mellom norske og utanlandske crossbredrasar, og er ein relativt ueinsarta rase. Nemninga Norsk Kvit Sau vart innført i 2000/2001, og det er eit felles avlsmål i Noreg for denne rasen. NKS er tyngre enn spælsauen og dei andre korthala norske rasane, og veg omlag 80 kg. Den er litt meir spedlemma, meir rasktvoksande, fruktbar og kjøttfull enn den opphavlege dalasauen.

Spælsau har opphav frå korthalesauene frå innlandet, som fanst i Noreg i Bronsealderen. Gammalnorsk spælsau og moderne spælsau har same opphav, men etter ca. 1960 vart det avla for meir kjøttfulle dyr og kvite, kolla dyr, med mindre vekt på ullkvalitet. Gammalnorsk spælsau kan vera både kolla og ha horn. Dei skal ha kort hale (spæl) utan ullhår, kronelokk og tydeleg pannelugg, små øyrer og livlige auge. Spælsauen beiter i større grad saman i større flokkar enn dei andre rasane. Dette kan vere ein fordel ved sanking av sau frå fjell og utmark om hausten. Å beite i store flokkar kan også vere ein fordel i rovdyrutsette område. Vaksne søyer veg omlag 70 kg. Dei har gode morseigenskapar, er fruktbare og har mindre variasjon i lammetalet, med ein større del tvillinglam enn hos andre rasar med samme lammetal. Kjøttfylden er derimot mindre enn hos NKS.

 

Gamalnorsk spæl. Foto: A. Rehnberg

Gammalnorsk sau er den rasen som liknar mest på dei aller første sauene som fanst i Noreg i Bronsealderen. Den stammar frå korthalesauene som var på kysten. Rasen er liten og lettbeint, og har ein pels med tett fin botnull og grov dekkull med stor variasjon i farge og teikningar. Ulla skal ikkje vere lang slik som hos spælsauen. Gammalnorsk sau røyter ulla av seg i motsetnad til andre saueraser som må klippast. Vaksne søyer veg 35 - 40 kg. Gammalnorsk sau held ofte saman i familiegrupper og er gode flokkdyr, med alltid ein sau som er på vakt og som kan varsle flokken om fare. Dei passar godt på lamma sine og er den rasen i Noreg som føder flest enkeltlam.  Kystklimaet med milde vintrar med relativt lite snø, og kjølege somrar gjer at gammalnorsk sau kan finne mat både sommar og vinter og kan gå ute heile året (utegangarsau krev løyve frå Mattilsynet). Norsk Villsau er varemerket på produkt frå gammalnorsk sau som beiter lynghei og som går ute heile året.

Gamalnorsk søye som slepp ulla. Foto: Britt I. F. Henriksen

Det viktigaste er å tilpasse dyretalet til ressursgrunnlaget på garden uavhengig av rasen. Når ein tek ut søyelam til påsett, må ein ha klart for seg kva eigenskapar ein vil leggje mest vekt på. I tabell 1 er det lista opp eigenskapar som bør få stor vekt i avlen, med ei kort grunngjeving.

Tabell 1. Viktige avlsmål for økologisk sauehald.

Eigenskapar

Grunngjeving

Søyer som mjølkar godt og har gode moreigenskapar

 Vitale lam som blir flinke til å beite

 God grovfôrutnytting

 

 Ynskjeleg med lågt forbruk av kraftfôr

Ikkje for store dyr

 

Mindre vedlikehaldsfôr

Friske og sterkbygde dyr

 

Sterke mot sjukdom og tar seg godt fram i ulendt terreng

God jur- og speneform

Lamma må lett finne spenane, sidt jur uheldig i utmark

 Lite lammingsvanskar

 

 Spare dyra for lidingar, unngå tap

God tilvekstevne

 

Slaktemodne rett frå fjellet, sparer heimebeite

Søyer med tvillingar

 

Eitt lam gir liten netto, tre lam krev sterkare fôring med kraftfôr

 God evne til å motstå parasittangrep (informasjon manglar om dette per i dag)

 Spare dyra for lidingar, unngå tap, auka tilvekst, mindre parasittbehandling

 God slaktekvalitet

 God lønnsemd