Emne

Økologisk sauehald - kort innføring

Val av driftsopplegg, rase, avl, slaktekvalitet, fôring, fôrmidlar, beiteplanlegging, driftsbygningar, innreiing og helse er tema som du kan lese om i denne Bioforsk FOKUS. Forfattarar er Martha Ebbesvik, Lise Grøva og Turid Strøm alle tre rådgjevarar ved Bioforsk Økologisk.

Utmarksbeite er grunnlaget for mykje av kjøttproduksjonen på sau og lam i Noreg. Målet i ei økologisk driftsform er at sauehaldet skal klare seg mest mogleg med garden sine eigne, lokale og fornybare ressursar. Beite og konservert grovfôr dyrka etter økologiske retningsliner er dei viktigaste fôrmidlane. Kunstgjødsel og kjemiske sprøytemidlar vert ikkje brukt, og god dyrevelferd og vekt på førebyggjande helsearbeid er vesentleg. 

 

FOKUS-rapporten omhandlar ulike sider ved sauehald, med særleg vekt på det som er spesielt for økologisk drift. Utfordringane for økologisk sauehald er i stor grad knytt til dyrking av grovfôr og til bygningskrav. I tillegg er rett fôring, sjukdomsførebyggjing og
Parasitthandtering viktig. Reglane for økologisk produksjon vert revidert med jamne mellomrom og du finn dei på www.mattilsynet.no under økologisk landbruk eller på www.debio.no.

FOKUS Økologisk sauehald - kort innføring ferdig.pdf{F6AA7E35DF5C}

Oversikt over småskrift og FOKUS- utgivelser fra Bioforsk Økologisk
{F6AA7E35DF5C}