Husdyrhald & fôring

Innreiing og oppstalling

Driftsbygning og innreiing til geit skal vere tilpassa dyras behov og naturlege åtferd. Det bidrar til god helse og dyrevelferd i besetninga.

I Noreg har det i konvensjonelt geitehald vore vanleg med eit areal på ca 0,8 m2 per geit. Bingane har ofte vore to m djupe med 0,4 m eteplass per geit. Bingane har hatt spaltegolv av tre eller strekkmetall. I «Økologiforskriften» (per 01.02.12) er det fastsett eit arealkrav på 1, 5 m2 per geit og 0,35 m² per kje. Alle dyr skal ha tilgang til fast liggeareal. Desse krava i økologisk geiteproduksjon vil for mange krevje ombygging og utbygging av geitefjøset.

Foto: Helga Kvamsås

Ein måte å løyse kravet til areal og kravet om fast liggeareal på er å lage liggehyller. Bruk av liggehyller har vist å minske aggresjon og slåssing i geiteflokken. I planlegginga av liggeunderlag og liggehyller til geiter er det viktig å ta omsyn til at dei føretrekk å ligge mot ein vegg, og utan kroppskontakt med andre.

Foto: Helga Kvamsås

Ein kan bygge system med to til tre hyller. Erfaring har vist at hylle ein og to blir mest brukt, medan hylle nr. tre blir mindre bruka. Dei som bruker hylle tre er geiter som vert mobba av dei andre. Det må være skilje mellom bingane og i hyllene, slik at geitene ikkje skal kunne gå frå den eine bingen til den andre. Dette for å ha kontroll under mjølkinga.

Ei høgde mellom hyllene på ca 60 cm gir geitene rom til å stå oppreiste. Da kan geitene røre seg fritt utan å måtte krype eller berre ligge på hyllene. Hyllene må reingjerast dagleg. Eit anna alternativ er å ha lågare avstand mellom hyllene, slik at geitene ikkje kan stå oppreiste. Dersom hyllene i tillegg heller litt, vil ein kunne sleppe dagleg reinhald av hyllene. Det er usikkert om hyller der geitene ikkje kan stå oppreist kan godkjennast som ein del av totalarealet til dyra. Hyllene bør byggjast slik at det kjem mest mogleg lys i hyllene.

Les mer:

>> Effekter av gruppestørrelse og ligge-hyller på liggeatferden hos geiter

>> Bioforsk Tema nr.36, 2007: Økologisk geitehald - oppfylling av krav til areal og fast liggeareal