Ugras - Temaark økologisk jordbær nr.1
Før etablering av feltet
Det er viktig å unngå å plante jordbær i felt med mykje fleirårig ugras og i felt med mykje ugrasfrø. Dette er særleg viktig ved etablering av økologiske felt. Med ugrasfrie forkulturar og god brakking kan ein unngå ein del fleirårig ugras. Det er alltid lettare å ta ugraset før jordbærplantene er utplanta. Der det ikkje skal brukast plast bør ein lage ferdige plantebed i god tid, gjerne fleire månader før planting. Når plantebedet er tillaga kan vi bruke flamming, damping og luking mot ugras. Flamming er effektivt mot smått frøugras, ein bør derfor la ugraset få spire og så ta det på frøbladstadiet. Dette bør gjentakast fleire gongar utover sommaren før ein plantar. Damping av øvste jordlaget er effektivt for å drepe både ugras og frø, men det er energikrevjande og relativt dyrt. Rotugraset fjernar ein med luking.
Plast
Plastdekking er det sikraste og billegaste tiltaket mot ugras. Heildekke med plast er det enklaste og sikraste, og ein kan plante straks etter plastlegging. Med heildekke kan det ikkje køyrast med traktor i feltet. Utanom litt luking i plantehola kan ein med heildekke gløyme ugraset gjennom heile omløpet. Det kan brukast både svart, brun og blå plast, eller svart, vevd duk. Alle aktuelle plasttypar gjer om lag same nytten. Vevd duk er sterkare, men dyrare enn vanleg plast. Plastdekking gjer rydding av feltet meir arbeidskrevjande. Den mest vanlege bruken av plast er plastdekte drillar. Ein får festa plasten betre og det kan køyrast i feltet. Mellom dei plastdekte drillane må ein nytte flamming og luking. Eit alternativ er å la det vekse gras mellom dei plastdekte drillane, graset kan ein då slå med plenklippar eller liknande.
![]() |
| Her er det plastdekt drill og med bark mellomradene. |
Halm og bark
Dekking med halm, bark eller flis mellom radene vil hemme ein del ugras og ugraset vil sitte lausare slik at det er lett å luke. Dessutan vil slik dekking gi reinare bær. Halm kan fjernast når feltet skal ryddast. Bruk av bark kan derimot føre til ulemper for seinare kulturar ved forsuring av jorda og binding av næringsstoff.
Strigleharv/fingerharv, radrensing og liknande
I nyplanta felt og i felt utan blomster og bær vil bruk av strigleharv over plantene gjere liten skade. Strigleharv kan brukast på nyplantingar når plantene er godt rota, det vil sei 2 til 3 veker etter planting. Slik strigling må gjennomførast ofte, gjerne med 1 til 2 vekers mellomrom for å ta ugraset på frøbladstadiet. Metoden er effektiv mot frøugras, men dårlegare mot grasartar og rotugras. I kombinasjon med luking kan det likevel vere eit godt tiltak mot ugras i nyplantingar og om våren eller etter hausting i eldre felt. Mellom radene kan ein bruke grovare redskap som radrensar eller fres. Dette tek det meste av ugraset, men fører også nytt ugrasfrø opp til jordoverflata. Både strigleharving og radrensing gir ei laus jordoverflate som gir meir jord på bæra. Det er forskjell på sortane når det gjeld å tolerere strigleharving, ´Korona´ ser ut til å vere svak. Nyplantingar tåler mindre enn eldre felt.
![]() |
Strigleharv brukt på drill. Harva høver betre på flatt land, eventuelt kan fingrane justerast slik at dei høver betre til drillane. |
![]() |
| Strigleharv har virka godt mot dei fleste frøugras, men her står tunrappen att og kan vere vanskeleg å takle. |
Flamming og damping
Flamming eller liknande for å drepe ugras med varme er ein gammal metode. Den er etter måten effektiv når den vert brukt på smått ugras. Når ugraset er større er effekten dårlegare med mindre ein brukar sterkare varme eller køyrer/går sakte. Damping av øvste jordlaget ryddar ut mykje ugrasfrø og sjukdommar, men det krev dyrt utstyr og forbrukar store mengder energi. Damping vil også drepe ein stor del av mikroorganismane i jord, både nyttige og skadelege. Flamming kan brukast på heile arealet før planting eller mellom radene i etablerte felt.
![]() |
| Her er ugraset allereie litt stort for å få full effekt av flamming eller strigling. |
Utarbeida september 2004
- Last ned
- Omhandler metoder for ugraskamp i økologisk jordbærdyrking. Særlig er det viktig med et felt rent for ugras før planting.






