Framtidsperspektiv for dyrehelse i økologisk landbruk
Det europeiske nettverket SAFO (Sustaining Animal Health and Food Safety in Organic Farming) 2003-2006 er avslutta. Bioforsk Økologisk har vore med i nettverket via ei arbeidsgruppe som vurderte regelverket for økologisk produksjon i forhold til dyrehelse og trygg mat. Arbeidsgruppa har kome med anbefalingar for revisjonen av EU-regelverket om økologisk husdyrproduksjon.
Ei av anbefalingane er at alle husdyrføretak bør lage ein helseplan med jamleg oppdatering og uavhengig vurdering. Ei anna anbefaling er å sette fokus på helseresultat via vurderingar av dyra sjølv.
Framtidsperspektiv for dyrehelse i økologisk landbruk: Hovudresultat, konklusjonar, hovudbodskap og anbefalingar frå SAFO-nettverket
EU Concerted Action QRLT - 2001 - 02541
1. juni 2006, Odense, Danmark
SAFOs hovudmålsetting og delmål
Formålet med det EU-finansierte nettverksprosjektet SAFO er å forbetre mattryggleiken og dyrehelsa i økologiske produksjonssystem i eksisterande og komande medlemsland av EU. Dette skjer gjennom utveksling og aktiv kommunikasjon av forskingsresultat og konklusjonar mellom forskarar, politikarar, bønder og de øvrige interessentar i økologisk landbruk, inkludert forbrukarar.
Oversikt over femte SAFO workshop
65 deltakarar frå 23 land deltok på den femte og siste SAFO workshopen. Workshopen var i Odense, som ein av satellittmøta knyta til "the European Joint Organic Congress (30.-31. mai 2006), som tiltrakk over 1000 deltakarar. Programmet for SAFO workshopen inneheldt ein gjennomgang av aktivitetane og bodskapen frå SAFO-prosjektet, satt i samanheng med den aktuelle diskusjonen om revisjonen av EU-forordning 2092/91, og diskusjon om kva rolle ei formell vurdering av dyrehelse og dyrevelferd kan ha ved sertifisering av økologisk husdyrhald. SAFO var også involvert i organiseringa av Topic 3: "Animal husbandry, health, welfare and food quality" ved økologikongressen. I dei tre relaterte emna var det 65 foredrag. Samandraga finner du ved http://orgprints.org/view/projects/int_conf_joint2006.html.
Felles seksjon 1: Resultat av SAFO-prosjektet og revisjon av EU-forordninga
Rapport frå SAFO "Roadshows" i nye og "pre-accession" EU-medlemsland
David Younie presenterte ein rapport frå dei fem "Roadshow"-seminara som vart halde i 2005 in Latvia, Ungarn, Slovakia/Tsjekkiske republikk, Estland og Romania. I tillegg til "Roadshows" var den tredje SAFO-workshopen i Polen, noko som framheva det store fokuset SAFO-prosjektet hadde på dei nye medlemslanda. Hovudmålet med "Roadshow"-seminara var å spreie informasjon om prosjektet, og diskutere og identifisere store spørsmål og utfordringar relatert til økologisk dyrehelse og mattryggleik i desse landa. Målgruppa var økologiske husdyrprodusentar, politikarar, representantar for sertifisertingsorgan, rådgjevarar og veterinærar, og forskarar.
Karakteristisk for alle dei seks "Roadshow"-landa var ein ung og umoden økologisk husdyrproduksjonssektor som hadde auka raskt dei seinare åra. Mangel på indre marknad vart framheva som hovudavgrensinga for å betre forholda for dyra på økologiske gardar ved alle "Roadshow"-seminara. Dette resulterer i mangel på lokalt tilgjengeleg godkjente foredlingslokalar. Alle landa rapporterte mangel på rådgjevingspersonell for økologiske gardbrukarar, inklusiv velinformerte veterinærar. Det var vanleg at reglar for økologisk husdyrproduksjon ikkje vart fylgt. Mangel på økologiske fôrvarer og parallellproduksjon med økologiske og ikkje-økologiske husdyr på same gard var vanleg.
Anbefalingar frå SAFOs arbeidsgruppe på utvikling av regelverket
Albert Sundrum presenterte anbefalingar frå SAFO for vidare utvikling av EU regelverket for økologisk husdyrproduksjon. Han poengterte det store mangfaldet i husdyrsystem omkring i Europa, og at utvikling av økologisk husdyrproduksjon ligg litt etter utviklinga i økologisk planteproduksjon. Det ser ut til at dyras helsestatus i økologisk produksjon kan samanliknast med dyr i konvensjonell produksjon, det vil seie den er ikkje signifikant betre.
Forskjell mellom individuelle gardar ser ut til å være større enn den mellom økologiske og konvensjonelle system, der driftsopplegget og kor dyktig gardbrukaren er på kvar einskild gard er kjelde til størst variasjon. Omleggingsplanar tar ofte ikkje med husdyrdrifta og det er mangel på opplæring og utdanning av gardbrukarar i førebyggande helsearbeid på økologiske bruk. Ofte har heller ikkje veterinærar, rådgjevarar og inspektørar nok erfaring med førebyggande helsearbeid og muligheit for alternative behandlingsmåtar. Arbeidsgruppa for utvikling av det økologiske regelverket anbefaler at:
- Eit stert prinsipp om dyrehelse som framhevar behovet for førebygging bør bli inkludert i EU-regelverket.
- EU-regelverket bør skaffe fleire spesifikke retningslinjer og avklaringar om førebyggande tiltak.
- Kvart økologisk husdyrføretak bør lage ein dyrehelseplan.
- Det er behov for fokus på helseresultat via dyrebaserte målingar.
- Sertifiseringsorgana bør etablere eit system for regelmessig vurdering av dyrehelsedata.
Revisjon av EU-regelverket 2092/91
Kim Holm Boesen from Unit F5 frå DG Agriculture i EU-kommisjonen gav ein presentasjon om bakgrunnen for revisjonen av EU-regelverket for økologisk produksjon, med fokus på økologiske husdyr og noko av hovudbodskapen frå SAFO-prosjektet. Han forklarte korleis eit nytt regelverk var nødvendig for å rasjonalisere og avklare det eksisterande regelverket. Regelverket som er lagt fram inkluderer no også akvakultur, som tidlegare ikkje har vore inkludert. Med hentydning til anbefalingane frå SAFO- regelverkgruppa, indikerte han at den aktuelle versjonen av revisjonen inneheldt eit krav om at personar som har husdyr skal ha nødvendig kompetanse og kunnskap, og at "høg dyrevelferd" no er direkte eitt av Måla. Han indikerte at dei tekniske reglane (Annex I til VII) i Reg. 2092/91 vil bli overført til det nye regelverket utan endringar, bortsett frå der det var nødvendig å få dei i samsvar med andre nyare regelverk.
I framtida vil positivlista (over innsatsfaktorar, Vedlegg VI) bli revidert, med hjelp frå ekspertgruppa som forutsett i "European Action Plan on Organic Food and Farming". Dette avventar både godkjenning av Regelverket og forskingsprosjektet "Input Evaluation/Criteria." Den same tilnærminga vil bli bruka for ny substans i Vedlegg II. Når det gjeld SAFO sin hovudbeskjed om behov for å ta omsyn til mangfaldet i husdyrproduksjonssystem, la han særleg vekt på elementet om fleksibilitet i reglane for produksjon (Artikkel 16) som er foreslått å ta med i det reviderte regelverket. Dette vil derimot bli knyta opp til ei klargjering i forhold til temaet fritak frå reglar, det vil seie sertifiseringsorgan skal ikkje i framtida kunne innfri fritak frå regelverket - " common but exceptional rules" (Artikkel 16) vil generelt være under kontroll av nasjonal kompetent autoritet (normalt medlemslandet/staten), og innfridd med bruk av felles retningslinjer innan EU.
Felles seksjon 2: Dyrehelse og velferd i økologisk sertifisering, ved bruk av husdyrbaserte parametre
Tina Leeb frå "the Austrian University of Agricultural sciences" gav ein introduksjon til seksjonen. Ho skildra først kvifor vurdering av dyras velferd er nødvendig i økologisk sertifisering (sjå kommentarar over om den minimale forskjellen i helse og velferd mellom økologiske og konvensjonelle husdyr). Deretter skildra ho ulike måtar ein kan vurdere velferd, som for eksempel ved å bruke input-baserte system som ANI/TGI index system som vurderer stallforhold, ved bruk av resultat-baserte parametre inklusiv kvantitative vurderingar av dyret (som holdvurdering, hudskadar, flugtavstand) og kvalitative vurderingar (som skildring av enkeltdyr eller flokken si åtferd eller/og følelsar med genererte uttrykk).
Til slutt diskuterte ho korleis desse ulike metodane møter krava om gode vurderingsparametre i forhold til validitet, at dei er gjennomførbar og pålitelege. Ho konkluderte med at sjølv om nokre input-baserte parametre bør inkluderast i eit vurderingssystem, bør eit slikt system primært innbefatte resultat-baserte parametre, både kvantitative og kvalitative.
Deretter fylgde tre korte presentasjonar frå representantar frå økologiske sertifiseringorgan. Dei skildra deira erfaring med dyrehelse og velferd-vurdering knyta til sertifiseringa.
Ian Rogerson frå Soil Association Certification (UK) skildra korleis "the Bristol Welfare Assurance Programme (BWAP)" frå Bristol University (for storfe, gris og fjørfe per i dag) har vorte introdusert i sertifiseringsprosessen til Soil Association. I starten vart ei lita gruppe av inspektørar trena i bruken av programmet, men no har alle inspektørane og kontorpersonale fått opplæring og element frå programmet har blitt introdusert for alle inspektørane. Systemet blir drevet i samarbeid med Bristol University.
Inspektørar vurderer og rapporterer på særskilte parameter der det er område for bekymring ved den årleg inspeksjonen. BU Residency Vet er involvert i både opplæring av personale og ved å delta på "vanskelege" inspeksjonar og samarbeider med kontorpersonell med å ta imot helseplanar eller diskusjonar med veterinæren til gardbrukarane. Vurderingssystemet vil bli bruka ved oppfølgingsbesøk der det har oppstått bekymring i forhold til dyras helse og velferd, men ein håper at det i framtida vil bli gjort rutinemessig velferdvurdering i alle fjørfe-, gris- og storfebesetningar. Det er imidlertid eit problem å løyse, i tillegg til å sikre einsarta vurderingspraksis mellom 40 inspektørar, tida ein bruker på inspeksjon, kostnadene med opplæring og inspeksjon og protokoll over eventuelle velferdsproblem.
Matthias Link er ein veterinær som fungerer som rådgjevar for Bioland sertifiseringsorgan i Tyskland. Han skildra to prosjekt som blir satt i gang om vurdering av dyras helse og velferd på økologiske bruk. Det første er eit statlig prosjekt som involverer fire institutt pluss Bioland, som a) utviklar og testar sjekklister for å evaluere helse og velferd og b)utviklar og testar dyrehelseplanar.
Det andre prosjektet er eit prosjekt spesifikt for Bioland der ei kort sjekkliste blir utvikla for å bli brukt ved sertifisering (med krav om etterfølgjande rapport til Bioland ved tilfeller av store dyrehelse- og velferdsproblem) og ein "Manual of Health Management" for økologiske rådgiverar blir produsert. Dette inkluderer eit "trafikklys" system for vurdering av helse og velferd (grøn = god, gul = tilfredsstillande, raud = manglar tilstade). Denne manualen inneheld også omfattande informasjon om korleis oppnå god helse- og velferd-status (førebyggande strategiar, utforming av stall, etc) og vil også være eit nyttig verkty for utdanning av gardbrukarar.
Elita Selegovska, SAFO representant i Latvia, er inspektør i " the Certification & Testing Centre" (eitt av dei to sertifiseringsorgang i Latvia).Ho skildra hovudproblema relatert til sertifisering av økologiske besetningar i Latvia. Desse var mangel på økologisk fôr (som kan føre til at mange økologiske gardbrukarar gir opp sertifiseringa), problem med upassande stallforhold (inkludert oppbinding av husdyr, også på beite), dårleg dokumentasjon, og mangel på tilgang til uteareal for fjørfe, særleg om vinteren. Det er ikkje tatt i bruk vurdering av helse og velferd ved økologisk inspeksjon, sidan helse- og velferdvurdering er eit lovfesta krav på alle gardar, inkludert konvensjonelle gardar, som blir gjennomført av "the State Veterinary Service".
Arbeidsgruppediskusjonar
Det var tre parallelle arbeidsgruppediskusjonar i løpet av workshopen. Regelverksgruppa diskuterte revisjonen av Regelverket. Diskusjonen vart eit forum for mange klargjerande spørsmål om kommisjonens forslag og fokuserte på om spesifikke tema (f.eks. definisjonsområde, eit prinsipp om førebyggande helsearbeid, krav om dyrehelseplan) bør bli inkludert som ein del av EU-regelverket, eller om dei bør bli lovgitt på nasjonalt nivå.
Ei anna gruppe diskuterte omkring det å integrere vurdering av helse og velferd i sertifiseringsprosessen. Det er viktig å huske på at uansett kva som står i regelverket så handterer ikkje regelverket i seg sjølv korleis regelverket blir gjennomført. I praksis er det stor variasjon i korleis regelverket blir gjennomført innan og mellom sertifiseringsorgan, regionar og land. Sjølv om eit krav om velferdvurdering blir introdusert i regelverket, vil det bli stilt spørsmål om gjennomføringa. Det er behov for å finne ein mekanisme for å minimere denne variasjonen (f. eks. "the Certification Bodies Technical Working Group (CBTWG)" i UK, som møtast jamleg for å diskutere gjennomføring av reglar. Nokre av medlemma i gruppa stilte spørsmål om behovet for offentlig pålegg om velferdvurdering (f.eks. situasjonen i Latvia som skildra ovanfor).
Den tredje gruppa diskuterte rådgjevingstilbod i relasjon til dyrehelse og matkvalitet. Gruppa var einige om at det er eit stort behov for å innføre dyrehelseplanar i alle land, (samtidig som dei ikkje syntes at obligatoriske helseplanar skal være ein del av regelverket), at det var eit behov for å tilby opplæring i økologisk husdyrhald til rådgjevarar, dyrlegar og gardbrukarar, at det vil være fordelaktig å utvikle ein enkel helseplan som kan bli anvendt i alle land og at ein database med gode, enkle helseplanar bør bli etablert.
Hovudbodskap frå SAFO-prosjektet
Mette Vaarst, koordinator av SAFO, avslutta denne siste SAFO-workshopen med ein gjennomgang av hovudbodskapen frå SAFO. Ho trakk fram nokre av dei fysiske resultata: fire arbeidsmøte med 81 munnlege og 39 poster-presentasjonar, pluss tilhørande arbeidsmøte-proceedings (på engelsk) og samandrag frå arbeidsmøta (på 18 språk) med publiserte artiklar i nasjonale tidsskrift, fire Roadshow og Roadshow-rapportar, tre interne samrådsmøte og regelverksutviklingsrapportar og anbefalingar.
Fleire svært samanfallande bodskap kom tydeleg fram gjennom denne omfattande nettverkprosessen:
- Mangfaldet i fysiske og sosiale forhold, og herav husdyrsystem, vart klart demonstrert. Dette avgrensar moglegheita til å overføre teknologi frå region til region, og betyr at det er svært vanskeleg å lage eit harmonisert regelverk.
- Gjennomføring av dei økologiske reglane på gardsnivå når ikkje alltid dei høge ideala som ligg i dei økologiske prinsippa. Dette skjer både i land med lang historie og dei med ein kort historie innan økologisk landbruk.
- I forhold til matkvalitet har SAFO delt konseptet i to: "prosesskvalitet" (det vil seie kvalitetsaspekt relatert til produksjonsmetoden) og "produktkvalitet" (det vil seie den reelle kvaliteten av sjølve produktet). Sjølv om økologisk produksjon normalt alltid har høg prosesskvalitet, kan nokre aspekt av dette (f.eks. utegange for fjørfe) ha negativ innverknad på produkttryggleik/kvalitet (f.eks. pga auka eksponering til miljøbetinga smitte eller patogen).
- For å møte desse manglane må økologiske produsentar ta større eigarskap i dei økologiske verdiane, og prøve å oppnå bevisstleik og harmoni ved å møte både det praktiske målet om å være økonomisk levedyktig i tillegg til dei økologiske prinsippa.
- Det er behov for vidare forbetringar av regelverket i relasjon til dyrehelse og velferd, innføring av dyrehelseplanar, betre sertifiseringsprosedyre, og særleg opplæring i førebyggande helsestrategiar til gardbrukarar/rådgjevarar/veterinærar.
Proceedings av 5te SAFO Workshop vil bli tilgjengeleg, som alle dei andre fire Workshop-proceedings, på : http://orgprints.org/2459/.
David Younie
18. juni 2006
Oversatt av Britt I. F. Henriksen, Bioforsk Økologisk
- Last ned
- Written by: A. Sundrum, S. Padel, G. Arsenos, M. Vaarst, A. Kuzniar, B. Henriksen, M. Walkenhorst and D. Younie (SAFO network - Sustaining Animal Health and Food Safety in Organic Farming) on 26 May 2006.


