Ku-Komfort
vurdering av dyrevelferd på garden
Økologisk Ku-Komfort var utvikla i 2005 og som eit rådgjevingsopplegg for å sikre god dyrevelferd i økologisk mjølkeproduksjon. Det er eit rådgjevingsopplegg som skal stimulere til samtale og diskusjon om dyras velferd på garden, og ikkje berre ein statusrapport. Dermed får gardbrukaren hjelp til å forbetre eller oppretthalde dyras velferd på garden. Rådgjevingsopplegget er først og fremst bruka i forsøkssamanheng, og er ikkje kommersielt tilgjengeleg. Nedanfor blir prinsippet og gjennomføring av rådgjevingsopplegget skildra.
Rådgjevinga blir gjennomført av to rådgjevarar med spesialkompetanse innan dyrevelferd og økologisk landbruk (ein veterinær og ein produsentrådgjevar). Dei vurderer dyras velferd ved å bruke sjekklister. Dette for systematisk å gå gjennom alle delar av husdyrhaldet, og dermed lettare avdekke eventuelle manglar og årsakssamanhengar.
Plan for velferd
Etter velferdvurderinga og dialog med gardbrukaren, blir det foreslått konkrete tiltak på kort og lang sikt for eventuelt å forbetre dyrevelferden. Dette blir notert i ein velferdplan for husdyrhaldet, som også fungerer som ein rapport etter gardsbesøka. Denne plana blir fylgt opp og revidert ved eit nytt besøk ca eit halvt år etter, helst om sommaren dersom første besøket var om vinteren.
Møte andre
Det blir lagt opp til grupperådgjevingsmøte mellom ei mindre gruppe gardbrukarar og rådgjevarar som tar del i velferdvurderinga. Her blir det ein kort presentasjon og deretter diskusjon rundt eit tema knytt opp mot dyrevelferd, for eksempel jurhelse og oppstalling av ungdyr.
Kva skal ein sjå etter?
I Økologisk Ku-Komfort ser vi på driftssystemet, åtferd, dyret sjølv og hygiene og miljø. Det er viktig å få kartlagt driftssystemet for å forstå årsakssamanhengar i forhold til dyrevelferd. I dette inngår:
- målsetning
- helsestatus
- drift
- fôringsstrategi
- skildring av systemet (innreiing osv)
- forhold ved beite.
Sjukdom og helse er vurdert som viktige velferdsindikatorar, sidan sjukdom er forbundet med smerte, ubehag og stress for dyra.


