Husdyrhald & fôring

Åtferd hos ku

vurdering av dyrevelferd

Ku
Både normal og unormal åtferd blir registrert ved gardsbesøka i Økologisk Ku-komfort. Dette er også registreringar ein som gardbrukar sjølv kan gjere.

Av Britt I F Henriksen

Under mjølking blir det registrert «avverjeåtferd»  som tripping, spark, halepisk, avspark av mjølkemaskin. Årsaka til åtferda kan være sosialt stress i samband med opphald på oppsamlingsplass (lausdrift) eller luftegarde før mjølking, ubehag ved sjølve mjølkinga eller frykt for mjølkaren. Mjølkinga blir gjentatt som rutine kvar dag. Det er derfor viktig at mjølkinga ikkje opplevast som ubehageleg og dermed er ein stressituasjon for kyrne. 

Reise-seg-åtferd
Ei ku som reiser seg normalt reiser seg lett og glidande med bakparten først. Avvik frå dette kan tyde på at noko er galt, enten med innreiing/golv eller at kua har skader eller sår som gjer det smertefullt å reise seg normalt.

 
Normal reise-seg-adferd
 Normal reise-seg-åtferd. Foto: University of Bristol

Kalvar
Overdriven oralåtferd retta mot andre kalvar, seg sjølv eller inventar indikerer at kalvane ikkje har vent seg til situasjonen dei er i. Det kan være på grunn av isolering i enkeltboksar, mjølkefôring i spann, eller tidleg fråvenning. Leik med andre kalvar, som hopp og sprett og knuffing, indikerer positiv velferd.

Uvaner
Stereotypiar kan indikere at det er feil eller manglar i miljøet og at dyret er frustrert og ikkje meistrar situasjonen. Eit eksempel er tungerulling hos storfe som kan ha samanheng med fiksering av kviger på bås og ved lite struktur i fôret. Sosiale faktorar, som oppstalling ved sida av eit dyr med høgare rang, kan også føre til frustrasjonar og stereotypiar. For å tolke signala riktig er det viktig å sjå åtferda med ein gong den oppstår, da åtferda kan bli ein vane sjølv om forholda har vorte tilfredsstillande.
 Tungerulling

Kontakt mellom menneske og dyr
At dyra er trygge på menneske betyr mykje for både åtferd, velferd og produksjon. Genetisk disponering, innreiing i fjøset, samt kvaliteten og kvantiteten av kontakt med menneske er faktorar som påverkar forholdet mellom menneske og dyr. Dersom menneske-dyr-forholdet er dårleg, vil dyra føle ubehag eller frykt ved kontakt med mennesket. Dårlig menneske-dyr-forhold kan skuldas for lite tilvenning og trening til nye omgivingar, brå og tilfeldig handtering og for lite positiv og bevisst kontakt med dyra. Det er utvikla ulike testar for å vurdere menneske-dyr-forholdet. I Økologisk Ku-Komfort blir det bruka «unnvikelsestest»  (Avoidance test).

Korleis dyret er
Ved individbaserte registretingar kan ein få direkte informasjon om korleis dyra fungerer og reagerer på omgivingane og stellet som dei får. I Økologisk Ku-Komfort blir holdpoeng, jur, hovne ledd, tilgrising, skadar på huda, åtferd, klauver, avføring, luftvegar og vomfylling vurdert.

Miljøregistreringar viktig
Registreringar av hygiene og miljø bør utførast ved innefôring og i vintersesongen, på eit tidspunkt der forholda for miljø og hygiene er på sitt mest utfordrande. Miljøregistreringar som blir gjort er mellom anna trekk, lys, temperatur og kor fuktig det er. Hygiene og kvalitet i ulike deler av fjøset blir også vurdert og registrert.

Godt hjelpemiddel
Vurdering av dyras velferd på eigen gard kan ein godt gjere sjølv, men erfaringa frå utprøvinga av Økologisk Ku-Komfort er at det er nyttig å få nokon utanfrå til å gjere ei vurdering, da ein ofte kan bli blind for forholda i eige fjøs. Det er derimot viktig at ein i tillegg sjølv bevisst går gjennom forholda til dyra på garden og ser etter kva signal dyra gir. Per i dag er det ikkje krav om å dokumentere dyrevelferd på korkje økologiske eller konvensjonelle gardar. Ein av konklusjonane frå det europeiske nettverket "Sustaining Animal Health and Food Safety in Organic Farming" er behov for å lage ein helseplan på kvart økologisk bruk med husdyrproduksjon. I Storbritannia er det allereie eit krav om dette på alle økobruk. Kanskje kan vi være litt framom eit eventuelt krav, og ta ei vurdering av dyras velferd og lage ein plan for eventuelle tiltak og mål.