Husdyrhald & fôring

Landbruksbygg i Arktis

LiA

I det såkalla LiA-prosjektet (Landbruksbygg i Arktis) skulle ein utvikle framtidas fjøs med forskningsmessig utprøving av utradisjonelle bygg i Nord-Norge. Hovudmålet var betre og billegare bygg for mjølkeproduksjon.

Prosjektet Landbruksbygg i Arktis (LiA, 2002-2008) hadde som mål å utvikle betre og billigare bygningar basert på kaldfjøs for mjølkeproduksjon, og på den måten bidra til å sikre framtidig landbruksproduksjon i Nord-Noreg. Prosjektet hadde åtte pilotfjøs med mjølkekuproduksjon knyta til seg.

Eit delmål i prosjektet var at pilotbygga skulle sikre helse, miljø og velferd for både dyr og menneske. Det var viktig at fokus på billigare bygningar ikkje skule gå ut over omsynet til dyras velferd. Prosjektet ønska derfor å få ei vurdering av dyras velferd i dei uisolerte fjøsa og få samanlikna velferdsnivået i LiA-bruka med isolerte lausdriftsfjøs.

Kontakt hos Bioforsk Økologisk er Britt I F Henriksen.