Plante- dyrking

Dårleg rothelse og jord som er trøtt av jordbær

- «Black root rot»

Jordtrøttheit i jordbær kan føre til sterk veksthemming og små avlingar, årsakene er ofte mange og sammensette. Jordboande nematodar kan vere ei årsak, særleg på lett jord. Tung, tett, finkorna, våt jord i samspel med svake parasittsoppar, vinterskade og bruk av jordherbicid (konvensjonell dyrking) kan vere andre årsaker. Mottiltak er først og fremst eit godt vekstskifte, gjerne med gras eller havre som mellomkultur.


Aksel Døving, Bioforsk Økologisk

Jordtrøttheit er definert som problem med å få planter til å vekse normalt på areal der det tidlegare har vokse planter av same eller nærståande art. Planter som vert flytta til ny jord vil gjenoppta normal vekst. Redusert plantevekst gir redusert avling og/eller kvalitet. Det er også kjent at rosefamilien er særleg utsett for slike vekstskifteproblem, det kan ein sjå hos fleire dyrka frukt- og bærartar.

 
Jordtrotthet jordbær
Planter av Senga Sengana dyrka i potter med gammal jordbærjord og i veksttorv. Plantene har fått lik gjødsling. Planta i veksttorv hadde mange gangar større bladvekst og sette store mengder utløparar. Planta som vaks i gammal jordbærjord hadde ingen utløparar. Planta i veksttorv hadde også fleire og friskare røter.

Det finst ikkje noko enkel forklaring på skaden. Årsakene kan vere generelle som dårleg jordstruktur, gifter utskilt av plantene, ubalanse i næringstilgang, sjukdommar eller skadedyr som kan gå på fleire ulike planteartar.

Nematodar

I Norge har ofte jordboande nematodar vore framheva som viktig årsak til jordtrøttheit i jordbær. Angrepa viser seg gjerne som flekkar i feltet med svak vekst, plantene kan visne og døy, dette ser ein helst på lett jord. Rota er då gjerne dårleg utvikla og med klubbeforma rotspissar. Hos oss er det oftast nematodar frå slektene Longidorus (nålenematodar) og Pratylenchus som gir slik skade i jordbær. Også andre nematodar kan gi liknande skade. Ved hjelp av jordprøve kan ein slå fast om nematodemengda i jorda er på skadeleg nivå eller ikkje.

«Black root rot»

I praktisk dyrking kan ein sjå felt med symptom som ikkje stemmer med dei skadane jordboande nematodar gjere, og ofte vil ein heller ikkje finne skadelege mengder av  nematodar i slike felt. Det er særleg på nyplanta felt der det tidlegare har vore jordbær at problema dukkar opp. Etter planting stagnerar veksten i planta, den veks lite med få og små blad, fargen er normalt grøn eller helst mørkare enn normalt. Planta manglar ofte blomster eller utløparar. Røtene kan vere fine inne i torvklumpen, men når dei kjem ut i jorda vert dei brune og nekrotiske med få siderøter og nesten ingen rothår. Dette liknar på det som med eit samlebegrep er kalla «black root rot» og som ser ut til å ha mange sammensette årsaker. Symptoma og årsakene er omtalt i fleire land, men ikkje i dei nordiske landa.

Kjennetekn

Dei typiske symptoma er generelt redusert veksekraft, som gjerne viser seg som stagnasjon i veksten ved utplanting av jordbær etter jordbær. Plantene vil få svak vekst eller dvergvekst på overjordiske plantedeler. Plantene har få blad med korte bladstilkar og små bladplater. Det er også karakteristisk at blada ofte er normalt grøne eller mørkegrøne. Gule eller brune blad eller visning er vanleg ved mangelsjukdommar eller angrep av jordboande nematodar, men det er sjelden ved  «black root rot»-symptom. Plantene vil vidare ha få blomster, små bær og dermed lita avling. Det er også typisk at plantene kan vere heilt uten utløparar, som eit resultat av dårleg vegetativ vekst. Som namnet seier vil vi sjå symptom på røtene, først med brune flekkar, seinare vil heile rota verte brun eller svart. Det er først og fremst rotbarken som er brun, den vil ofte vere laus slik at den lett kan dragast av. Rotmargen er gjerne kvit og fin.  Det vil utvikle seg få siderøter og rothår, og dei som veks ut vil ofte verte øydelagt. Slike planter vil ikkje reagere på tilføring av nitrogen. Plantene kan vise mangel på mangan, ikkje nødvendigvis p.g.a. mangel i jorda, men p.g.a. dårlegare opptak, høg pH vil forsterke denne effekten. Frå mellom anna USA og Frankrike er det i litteraturen vist til at plantene i stress-situasjonar kan kollapse heilt, slike situasjonar kan oppstå f.eks. i modninga eller ved sterk varme eller tørke. Det er altså eit sett av symptom,  ingen av dei er spesifikke.

Årsaker

«Black root rot» er resultatet av eit samspel mellom fleire ulike årsaker. Mange år med jordbær på same jord er utløysande faktor. Få, lange kulturar er gjerne verre enn mange korte. Jordtype er heilt avgjerande - "black root rot" vert ofte kalla eit leirjordsproblem, symptoma er alltid verre på jord med fin struktur, det vil seie tett, tung jord med små porar og lite luft. Altså er det heller små porar enn små partiklar som er problemet. Vassmetta jord er også meir utsett av same grunn. Bruk av jordherbicid ser ut til å forverre symptoma, og den effekten vil forsterke seg når jordherbicida vert brukt over fleire år. Det er ein klar tendens til meir «black root rot» ved lav jordtemperatur, men symptoma på overjordiske plantedeler vert ofte meir synlege viss temperaturen deretter skulle stige kraftig. Jordboande nematodar kan forsterke symptoma, fordi dei lagar sår på røtene, som igjen kan vere innfallsport for mikroorganismer. Høg pH og bor-mangel ser også ut til å kunne forverre symptoma. Vinterskade vil gjere plantene svakare for jordtrøttheit, på den andre sida er slike planter meir utsett for frost.

Mikroorganismer

Det har vist seg at soppar frå fleire slekter som f.eks.  Pythium, Rhizoctonia, Fusarium, Phoma og Cylindrocarpon ofte er medvirkande årsaker. Dette er soppar som finst i nesten all slags jord, dei er svake parasittar, men kan gi skade når jordbærrøtene vert svekka av andre årsaker. Innanfor Pythium er særleg P. ultimum  og P. sylvaticum som vert rekna som dei alvorlege i samband med «black root rot», men også ei rekke andre Pythium-artar  kan vere medverkande årsak til sjukdommen. Soppen angrip unge, tynne røter som vert hindra i å utvikle seg, eller dei kan verte heilt ødelagt. Av Rhizoctonia er det først og fremst  to artar som gjer skade i jordbær, nemleg R. fragaria og R.solani, den første angrip hovudsakleg jordbær, mens den siste er allsidig og er kjent som skadegjerar på mange planter.

Mottiltak

Viktigaste mottiltaket er eit godt vekstskifte og jord som er lagleg for jordbær. I dei fleste land vert sandjord foretrekt som jordbærjord, då er risikoen for «black root rot» mindre, sjølv om sandjorda kan vere meir utsett for jordboande nematodar. Også lett myrjord har vist seg å gi bra resultat hos oss. Ein bør i alle fall unngå leirjord og tett, tung jord med dårleg drenering. Vekstskifte med gras eller potet ser ut til å vere betre enn grønsaker. Erter har vore framheva som ein god vekst mot jordboande nematodar, men er ikkje bra dersom Pythium er ei av årsakene til jordtrøttheit, erter vert faktisk brukt som indikatorvekst på Pythium. Truleg er gras eller havre betre som mellomkultur.

Høg pH bør ein vere på vakt mot, tilrådingane for pH i jordbær varierar mykje, men truleg bør ein i alle fall halde seg under 6.

Planting på drill eller bedd er ein fordel ved at planta då får stå i varmare og luftigare jord. Også drenering og djup jordarbeiding vil ha same effekt. Jorddekking med svart eller brun plast vil heve jordtemperaturen i alle fall i planteåret. Likeins vil dekking av plantene med fiberduk eller liknande heve temperaturen og stimulere veksten. Vinterdekking vil redusere vinterskadane og dermed også risikoen for «black root rot». Generelt vil alt som gir planta ein god start etter utplanting vere ein fordel for å unngå «black root rot». Truleg kan plantetype, plantetidspunkt, oppalsmedium og liknande ha innvirkning.

Amerikanske forsøk har vist at der er visse sortforskjellar i høve til «black root rot», men  dette er ikkje avgjerande. Generelt vil truleg sterktveksande sortar klare seg betre enn svaktveksande.

Analyse og testing

Mange av dei soppane som kan vere medverkande årsak til «black root rot»  er soppar som ein kan finne i nesten all slags jord eller som ofte er å finne også på friske jordbærrøter. Det har derfor lite for seg å isolere soppartar for å konstatere «black root rot». Det har også vore vanskeleg å reprodusere symptoma i veksthus. I Frankrike er det utvikla ein biologisk metode for testing av jord før planting av jordbær. Dei brukar då meristemplanter med 2-3 blad av sorten ‘Gorella´. Meristemplanter er dei mest følsomme for ugunstige vilkår og svake mot sjukdommar. Plantene vert planta i potter med den aktuelle jorda og dyrka i 5 veker i vekstrom. Dei vert så tekne ut av pottene og røtene vert vaska. Vurdering av røtene vert gjort skjønnsmessig. Det er lettare å vurdere symptoma på ‘Gorella´ enn for eksempel. ‘Elsanta´. Resultatet kan så brukast til å vurdere om ein bør plante jordbær på jorda og/eller om jorda bør desinfiserast med damp. (Kjemisk desinfeksjon er ikkje aktuelt i økologisk produksjon.)