Frost i jordbærblomsten
Knoppar, blomster og kart hos jordbær tåler lite frost, aller mest utsett er den åpne blomsten, 2-3 minusgrader er kan vere nok til øydelegge delar av avlinga. Nattefrost er eit resultat av stor utstråling og kaldluft som samlar seg i lavtliggande områder. Om dagen tek jord og planter i mot energi i form av kort- og langbølga stråling frå verdensrommet. Om natta avgir alle overflater energi til verdensrommet i form av usynleg, langbølga stråling, også kalla varmestråling. Dersom det samtidig er vindstille, vil kaldlufta sige ned og verte ståande i dumpar eller søkk i landskapet. Skog rundt eller i nedste kanten av dyrkajorda kan også hindre kaldlufta i å renne ut og på den måten auke faren for nattefrost. Lav luftfuktighet kan forverre frosten, fordi fuktigheta i lufta reduserer utstrålinga frå jorda. Slike forhold med klarver og vindstille får vi som oftast når det er høgtrykk.
Forebygging av nattefrost
Det kan lønne seg å ta omsyn til terrengforholda ved planlegging av nye jordbærfelt, faren for nattefrost kan skifte mykje over korte avstandar. Ein bør prøve å unngå stader der det har vore nattefrost tidlegare eller felt som ligg i dumpar i terrenget. Hogging av skog som hindrar drenering av kaldlufta er ei hjelp i enkelte tilfelle. Sortsvalget kan også ha ein viss innverknad på skadomfanget. Blomstrane til ulike sortar er om lag like svake for frost, men veksemåten kan påverke skadeomfanget. Ein må rekne med at tidlege sortar med tidleg blomstring er meir utsett enn seine sortar. Vidare er truleg sortar der blomstrane ligg åpe, meir utsett for skade enn for eksempel ´Senga Sengana´, der blomstrane ligg meir skjult i lauvverket.
Varsling av frost
Ved å følgje med i vervarslinga, bruke lokalkjennskap og sunn fornuft vil ein vanlegvis ha ei viss peiling på når og kvar frosten vil slå til. Følg med i utviklinga utover kvelden. Risikoen for nattefrost er størst ved klarver, høgtrykk og lav luftfuktighet. Ellers bør ein naturlegvis ha eit korrekt termometer plassert i jordbæråkeren. Det er viktig at eit slikt termometer er rett i området rundt null. Det finst også meir avansert utstyr, som for eksempel elektronisk varslingsutstyr. Den som er klar over at det er stor frostfare bør dessuten varsle naboane! Ein gammal måte er å legge ut eit spett eller jarnstong litt over jorda. Når den byrja å rime var det på tide med tiltak mot frosten.
Vatning mot frost
Vatning er eit sikkert middel mot frost og er brukt med godt resultat i mange land. Årsaka til at vatning er så effektivt mot frost, er at vatn som frys avgir varme. Alle veit at det skal varme til for å tine is, færre tenker på at denne prosessen frigir varme når vatnet frys til is. Ved vatning ved temperaturar under null vil det danne seg eit islag på jord og planter. Denne isen og dermed også plantene vil halde seg på 0 grader så lenge det vert tilført nytt vatn, slik at det på plantene heile tida er frysande vatn som avgir varme. Ved vatning mot nattefrost kan ein rekne med brukbart vern ned til 5 - 6 kuldegrader, i enkelte tilfelle er det oppnått vern ned mot 10 - 12 kuldegrader.
For å få skikkeleg vern mot frost må vatningsanlegget kunne dekke heile arealet som er utsett for frost. Dei fleste vatningsanlegg i dag har altfor liten kapasitet til dette. Det kan skje at ei frostnatt øydelegg ein stor del av avlinga, i så fall vil ein kunne tene inn att kostnadane med ein auka kapasitet på vatninga på eit år.
Den einaste aktuelle vatningsmetoden mot frost er bruk av småspredarar. Krav til spredarane:
- 4 mm dyser
- 2-3 mm pr time (2-3 m³ /dekar/time)
- ca 2 omdreiningar på spredaren per minutt
- trykk på spredarane på 3-5 kg/cm²
Dette tilsvarar om lag dei tekniske spesifikasjonane som er vanleg for vatningsanlegg med småspredarar. Kvar slik spredar dekker om lag 1/3 dekar, slik at behovet for spredarar er ca 3 spredarar per dekar. I løpet av ei natt vil ei slik vatning gi 20-30 mm nedbør. Dette tilsvarar ei vanleg vatning, og vassmengdene burde derfor ikkje skape problem, ofte kan det også vere behov for vatning denne tida. Kjem det derimot fleire frostnetter etter kvarandre, kan det verte større vassmengder enn det som er ynskjeleg, det kan mellom anna verte ei viss utvasking av jorda. Faren for at jorda skal verte for vassmetta er likevel liten, fordi opptørkinga er stor på våren og forsommaren.
Ved vatning mot frost er det viktig at arbeidet vert utført rett. Når ei frostnatt er i vente bør ein starte vatninga like før temperaturen kjem under null. Både fordi dette gir beste frostvernet, og fordi rør, kranar og spredarar kan fryse dersom vi ventar for lenge. Av same grunn bør vatninga gå sammenhengande heile natta. Vatninga bør ikkje skruast av før isen på plantene har tina og temperaturen er komen over null.
Røyklegging/tåkelegging
Røyklegging er ein gammal metode for å hindre frostskade. Sjølve røyken har liten eller ingen effekt. Derimot vil det alltid vere ein del vassdamp i røyken, denne vil hindre ein del av utstrålinga frå jordoverflata og dermed redusere varmetapet. God røyklegging av eit felt kan heve temperaturen eit par grader. Skal røyking ha nokon verknad må altså røyken innehalde mykje vassdamp. Brenning av rå ved gir derfor betre effekt enn tørr ved.
Dekking av plantene
Dekking av feltet med fiberduk, plast eller liknande er ein effektiv og enkel måte å hindre frostskade på. Ved å la plasten eller fiberduken ligge på også om dagen vil gi ein høgare jordtemperatur, som igjen vil kome til nytte om natta. Den som har frostutsette felt vil nok fort tene inn att kostnadene med innkjøp av fiberduk/plast, denne kan brukast i fleire år. Ei ulempe er det at ein kanskje må leggje på og ta av att duken fleire gongar på grunn av anna arbeid i feltet. Halm kan også vere ei god hjelp viss ein dekker heile plantene, og ikkje berre jorda.
Oppvarming
Direkte oppvarming har vore og vert framleis brukt som vern mot frost i enkelte land. Det vert då brukt olje- eller gassomnar. Skal ein få eit brukbart resultat må ein ha rundt 20 varmekilder per dekar. Investeringa med slike omnar er derfor ganske stor. Truleg kan dette gjerast på ein billegare måte, for eksempel med ei blanding av diesel og sagflis i blikkspann eller liknande. Men husk at det kan vere farleg å leike seg med ilden, særleg i åkrar med halmdekke. Oppvarming vil også ha verknad ved at det gir luftsirkulasjon og dermed får blanda den kalde lufta med varmare luft.
Tvungen luftsirkulasjon
Under forhold med nattefrost, altså med stor utstråling og stilleståande luft, er lufta nede ved jorda kaldare enn høgare oppe. Ved å skape tvungen luftsirkulasjon kan vi bryte dette mønsteret slik at den kalde lufta vert blanda med varmare luft. Har ein store nok vifter kan det vere nok til å hindre frostskade. Ei slik vifte kan drivast med traktor, elektromotor eller liknande. I forsøk har ei enkelt vifte gitt ei temperaturheving på 2 grader over eit område på 8 dekar. Bruk av helikopter som flyg fram og tilbake over felta har også gitt bra verknad, men er kostbart.
Les meir:
>> Vinterskade


