Nyhetsarkiv
Nyhetsbrev
Legg meg til
Bioforsk Økologisk
6630 Tingvoll
Telefon: 452 30 200
e-post: agropub@bioforsk.no Konstituert redaktør: Anita Land

Plantevern i økologisk frukt og bær

ny bok

Plantevernbok øko frukt og bær
Ei bok om norsk økologisk frukt og bærdyrking med vekt på plantevern og plantehelse. Både førebyggande og direkte tiltak mot ei rekkje sjukdommar og skadegjæarar vert diskutert. Ugras er og teke med.

Ei bok som både økologisk interesserte, men og andre kan få gode råd frå.


Reidun Pommeresche, Bioforsk Økologisk

Hovudprinsippet i økologisk plantevern er å førebyggje skade, og for mange skadegjerarar i frukt og bær er dette oftast tilstrekkeleg. Men for nokre skadegjerarar er det vanskeleg å halde skaden på eit akseptabelt nivå utan effektive direkte tiltak. Boka går grundig inn på allle dei vanlege frukt og bærtypane me har. Ho kan og brukast som eit oppslagsverk om ein har konkrete spørsmål eller utfordingar. Livsløpet til mange av skadegjærarane er fint forklara og illustrert. Noko som kan gjera det enklare å skjøne kvifor og korleis ulike tiltak alltid verkar eller bare virkar under bestemte høve. Mange flotte bilete og illustrasjonar er eit stort pluss.

Les meir om boka på Bioforsk si nettside
Bestill boka
Last ned boka som pdf (stor fil, 20 Mb)