Kven blir årets leverandør?
Møre og Romsdal fylke, landbruksavdelinga
I samband med satsinga både nasjonalt og regionalt for å få dei økologiske varene ut til forbrukarane, er det av interesse også å få fram leverandørar som utmerkar seg ved å selje økologiske varer til mellom anna dagligvarehandelen.
Det er fjerde året prisen vert delt ut. Tidlegare prisvinnarar er:
- 2005: Rørosmeieriet (bilde)
- 2006: Trygve og Erna Sundt
- 2008: Godt Brød
Prisen vert finansiert av Statens landbruksforvaltning, og består av diplom og vakker billedkunst.
Statuttar for «Årets leverandør av økologiske produkt»:
Prisen skal delast ut til ei bedrift eller ein person som leverer eitt eller fleire økologiske produkt. Prisvinnaren eller prisvinnarane skal gjennom sitt virke ha vist at han/ho har forståing for det økologiske konseptet. Produktleveransane skal være profesjonelle og sikre og halde ein høg standard. Produkta skal i hovudsak omsettast gjennom daglegvarehandelen.
Juryen som behandlar innkomne forslag har medlemmer frå følgjande organisasjonar:
- Coop
- Debio
- St Olavs Hospital
- Møre og Romsdal fylke
- Den Norske Matfestivalen i Ålesund
- Bioforsk Økologisk
Forslag til priskandidatar kan sendast kirsti.hjelme.connor@mrfylke.no.
Frist for å komme med forslag er 24. juni 2008.


