Emne

Fôring i mjølkeproduksjon

Økologisk småskrift 1/2008

Framside Fôring i mjølkeproduksjon
Med støtte frå Tine har Martha Ebbesvik stått i spissen for eit kobbel på 5 fagpersonar. Resultatet er småskriftet «Fôring i mjølkeproduksjon». Dette er ei vidareutvikling og oppdatering av småskriftet som tidlegare vart kalla «Økologisk mjølkeproduksjon». Denne nye utgåva er blant anna godt tilpassa fôrvurderingssystemet NorFor Plan.


Kontaktperson: Martha Ebbesvik, Bioforsk Økologisk

Småskriftet tar utgangspunkt i økologisk mjølkeproduksjon og går gjennom desse hovudtema:
  • Energi og protein
  • Mineralar og vitaminar
  • Grovfôropptak
  • Val av kalvingssesong
  • Økologiforskrifta sitt krav til fôring av mjølkekyr
  • Prinsipp for økologisk fôring
  • Fôring og mjølkekvalitet
  • Sjukdom hos mjølkekyr
  • Husdyrrom
  • Luftegard for utegange utanom beitesesongen

I tillegg til Martha Ebbesvik har Åse Flittie Anderssen, Lise Grøva, Anitra Lindås og Turid Strøm medvirka til småskriftet. Tine har dekka kostnader til trykking og «Fôring i mjølkeproduksjon» er derfor gratis. Bestill småskriftet ved å sende epost til Bioforsk Økologisk eller last ned pdf (794 kb).