Økonomi i øko-mjølk
Ane Margrethe Lyng, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning
Økologisk mjølk er på frammarsj verda over. I Storbritannia auka salet av økologisk mjølk med 91 % på eitt år. Økologiske produkt er også vortne trendy i Noreg, og salet av økologisk mjølk har gått rett til vers. I fjor auka salet av økoprodukt frå TINE med om lag 100%. Hovudårsaka til det var at all kefir vart lagt om til økologisk. Sett bort frå kefiren, auka salet av økologiske meieriprodukt med 13%.
Samanlikningsprosjekt
Dersom vi skal få auka talet på mjølkebønder som legg om til økologisk produksjon, er det viktig med kunnskap om økonomien. I driftsgranskingane til NILF vart det i 2005 registrert 16 økologiske mjølkebruk. Resultata frå økobruka er presenterte i tabellen under og samanlikna med konvensjonelle mjølkebruk med like mange årskyr.Gruppa er delt i to, etter tal årskyr, for å få samanlikningstal for store og små mjølkebruk. Alle dei presenterte resultata er middeltal frå grupper av bruk, og det er stor spreiing i materialet, noko som ikkje kjem fram her. Middeltala for dei økologisk bruka gjev likevel ein peikepinn på den økonomiske situasjonen.
Mindre kjøtproduksjon
I ei økologisk driftsform er det ønskjeleg å vere mest mogleg sjølvforsynt med fôr. Det er difor viktig at økobruka har god tilgang på grovfôr, og at grovfôret held høg kvalitet. Økobruka nyttar ingen kunstgjødsel i grovfôrproduksjonen, og det gjer utslag på avlingane og økobruka treng difor meir areal enn dei konvensjonelle. Økokyrne har som venta lågare yting enn kyrne i samanlikningsgruppene. I Noreg ligg gjennomsnittleg yting for ei økologisk ku på 5000 kg mjølk. Gjennomsnittstala skjuler store variasjonar, og økokyrne i vårt utval produserer godt over gjennomsnittet. Mange av dei økologiske produsentane sel oksane medan dei framleis er kalvar. Difor vert kjøtproduksjonen mindre på dei økologiske bruka enn på dei konvensjonelle. Årsaka til at oksane vert selde som kalvar, kan ha samanheng med fôrgrunnlaget på bruket, og at produksjon av storfeslakt er intensiv og kraftfôrkrevjande. Det kan og vere at det er større lønsemd å berre produsere mjølk, og til sist, kravet frå Debio om at alle storfe som står på bås, også oksar, skal luftast, og at alle dyra skal ha tilgang til beite.
| Liten øko-gard | Liten konv-gard | Stor øko-gard | Stor konv-gard |
Tal observasjonar | 7 | 200 | 9 | 98 |
Jordbruksareal (dekar) | 256 | 238 | 488 | 393 |
Grovfôr per årsku (dekar) | 17,0 | 14,7 | 15,7 | 12,8 |
Avling i alt, Fem per dekar | 287 | 354 | 269 | 393 |
Tal årskyr | 15,1 | 15,3 | 26,6 | 25,3 |
Kg mjøl per årsku | 5520 | 6673 | 6133 | 6726 |
Prisar på produktene (kr) |
|
|
|
|
Mjølk, per liter | 3,89 | 3,50 | 4,19 | 3,58 |
Kukjøt, per kg | 29,96 | 28,71 | 29,96 | 29,12 |
Storfekjøt, per kg | 33,37 | 34,04 | 29,04 | 34,25 |
Timer i jordbruket | 2 720 | 3 335 | 3 793 | 3 830 |
Timer per årsku | 180 | 218 | 143 | 151 |
Produksjonsinntekter i alt (kr) | 715 182 | 805 900 | 1 257 620 | 1 228 005 |
Produksjonsinntekt per årsku | 47 408 | 52 700 | 47 279 | 48 538 |
Produksjonsinntekt mjølk per årsku | 18 140 | 20 600 | 22 359 | 21 295 |
Produksjonsinntekt livdyr og slakt per årsku | 6 496 | 9 800 | 6 278 | 10 208 |
Tilskot per årsku | 21 618 | 20 300 | 17 200 | 15 478 |
Produksjonskostnader i alt (kr) | 467 216 | 970 611 | 558 450 | 869 064 |
Produksjonskostnad per årsku | 30 971 | 36 500 | 36 489 | 34 350 |
Variable kostnader per årsku | 8 857 | 14 900 | 11 075 | 14 552 |
- herav kraftfôr | 4 477 | 8 600 | 5 411 | 8 207 |
Faste kostnader per årsku | 22 114 | 21 600 | 25 414 | 19 798 |
- herav leigd arbeid | 5 095 | 4 600 | 5 197 | 4 266 |
Resultatregning (kr) |
|
|
|
|
Dekningsbidrag per årsku | 38 551 | 37 773 | 36 204 | 33 986 |
Driftsoverskot i jordbruket | 247 967 | 247 000 | 287 008 | 358 941 |
Jordbruksinntekt | 203 576 | 164 000 | 183 895 | 206 898 |
Meir for økomjølka
Lågare variable kostnader
Samanlikna med dei som driv konvensjonelt, har økobruka låge variable kostnader. Det er som venta fordi økobruka ikkje nyttar kunstgjødsel eller sprøytemidlar i produksjonen, og dei bruker mindre kraftfôr enn dei konvensjonelle. Bruken av innkjøpt kraftfôr varierer frå null til om lag 35 prosent av årsfôret for dei ulika bruka i utvalet, og sjølv om det økologiske kraftfôret kostar kr 1,23 meir per kg enn konvensjonelt kraftfôr (2005), vert kraftfôrkostnaden lågare.
Høgare faste kostnader
Økobruka har høgare faste kostnader enn dei konvensjonelle, det gjeld særleg dei store bruka. Årsaka er høge kostnader til leigd arbeid, jordleige og maskinleige. Dei har også høgare avskrivingar enn dei konvensjonelle, spesielt frå driftsbygningar. Det tyder på at dei store økobruka investerer i bygningar, noko som kan ha samanheng med forbodet mot båsfjøs for økologiske mjølkeprodusentar frå 2011. Alder på brukar og når tid han/ho tok over bruket kan også ha hatt noko å seie for storleiken på investeringane. Dei mindre økobruka har ikkje tilsvarande høge kostnader. Det tyder på at dei har drive ein stund og slit på den kapitalen dei har.
Best dekningsbidrag
Dekningsbidraget er høgast hos økobruka. Skilnaden er størst i gruppa med store mjølkebruk, og hadde kanskje vore enda større dersom økobruka hadde fylt opp mjølkekvota. Økobruka i dette utvalet produserer mindre mjølk enn dei har kvote til, i snitt under 90 prosent av tildelt kvote medan dei konvensjonelle produserer kvota.
Færre arbeidstimar
Det blir hevda at økologisk drift er meir arbeidskrevjande enn konvensjonell drift, og vi ville difor venta at tal arbeidstimar på økobruka skulle vere høgare enn på dei konvensjonelle bruka. Overraskande nok er det ikkje tilfelle for bruka i utvalet. Tal arbeidstimar i jordbruket er lågare på økobruka enn for dei konvensjonelle. Den same tendensen har vi sett på bruk som driv med økologisk sauehald.
Noko betre økonomi
Den låge timebruken på økobruka samanlikna med dei konvensjonelle, gjer utslag på jordbruksinntekta. Jordbruksinntekta per årsverk er på kr 204 000 for dei små økobruka, mot kr 164 000 for samanliknings-gruppa. Dei store økobruka har kr 184 000 i jordbruksinntekt og samanlikningsgruppa har kr 207 000. Dei store bruka har lågare inntekt enn dei små økobruka og samanlikningsgruppa. Årsaka er i all hovudsak høge kostnader og at dei ikkje produserer det dei har kvote til. Igjen er det viktig å presisere at utvalet er svært lite og at resultata er usike på grunn av få observasjonar. Det ser ut til at økobøndene har eit noko betre økonomisk resultat samanlikna med dei konvensjonelle. For å kunne gje meir sikre resultat i framtida vil vi auke talet på økologisk mjølkebruk i driftsgranskingane for kommande år.


