Godt grovfôr
Drøvtyggarar og hestar er skapt for å ete grovfôr. Dersom grovfôret er godt, kan det dekke ein stor del av næringa som dyra treng. Grovfôret er basis i norsk mjølkeproduksjon, i kjøtproduksjon på storfe og sau og i hestehald.
Martha Ebbesvik, Bioforsk Økologisk
Med grovfôr tenkjer ein vanlegvis på surfôr og høy, men grønfôr og rotvekstar vert også ofte rekna med til denne gruppa.
Eit av prinsippa i eit økologisk driftsopplegg er at fôringa i størst mogleg grad skal vera bygd på ressursane som er tilgjengeleg på garden. Fôret til drøvtyggarar skal vera grovfôrbasert. I eit økologisk driftsopplegg skal også gris og fjørfe ha tilgang på grovfôr.
Med eit godt grovfôr kan ein sleppe å bruke mykje kraftfôr til drøvtyggarane. Sjølv om regelverket for økologisk landbruk tillater ein stor del økologisk kraftfôr i den daglege fôrrasjonen, treng ein ikkje å legge opp til slik fôring i praksis. Med god planlegging, kan ein styre mot å få grovfôrkvaliteter som passar til ulike fasar, og ulike dyregrupper gjennom året. Dette vil vere god ressursutnytting.
Når det er snakk om god grovfôrkvalitet omfattar det både forhold som påverkar næringsverdien (energi, AAT – aminosyrer absorbert i tarmen, PBV-proteinbalansen i vomma) og eigenskaper ved grovfôret som påverkar opptaket hos dyret (fylleverdi og gjæringskvalitet).
Det er ein rekke faktorar som påverkar kvaliteten på grovfôret. Etablering av enga, gjødsling, ugraskontroll, haustetidspunkt og konservering er alle viktige faktorar som alle er med og påverkar kvaltiteten i grovfôret.
- Etablering av eng
Enga kan kallast motoren i eit økologisk vekstskifte. Når ein dyrkar eng dannar det seg verdifull humus som stimulerer jordlivet. Enga har dessutan nitrogenfikserande vekstar som kjem seinare kulturar til gode. Ei god eng har òg positiv påverknad på ugrassituasjonen fordi mange ugras vert utkonkurrerte av engvekstane.
- Ugraskontroll
Kva plantar er ugras i enga? Artar som dyra et, og som ikkje fører til store tap av avling eller kvalitet, kan neppe reknast som ugras. I vekstskiftesamanheng kan det likevel vere negativt at nokre arter oppformeirar seg. Et godt døme er kveke, som ikkje er eit vanskeleg ugras i eng, men som er svært problematisk i open åker. Det er difor uheldig at slike artar formeirar seg i enga i område tett ved åker. Artar som blir vraka av dyra på grunn av innhald av giftige eller lite smakelege stoff, må reknast som engugras og kan gi store problem i dyrkinga. Engsoleie er giftig og blir vraka i fersk tilstand, men giftstoffa forsvinn med tørking. Artar som gir smaksproblem i mjølka, må også reknast som ugras.
- Haustetidspunkt i eng
Val av slåttetid avhenger av kva fôret skal brukast til. Skal det brukast til mjølkekyr og geiter med høg avdrått, må graset slås tidlig. Brukt til ungdyr og ammekyr kan eit seinare slåttetidspunkt gi eit fullgodt fôr. Sauene har størst krav til konsentrert fôr rundt lamming, elles kan de klare seg med gras som er slått på et litt seinare stadium. Næringsinnhaldet i konservert og lagra fôr avhenger først og fremst av næringsinnhaldet i plantene ved hausting.
- Konsekvensar av haustetidspunkt for avling og kvalitet
Val av haustetidspunkt har betyding for både avlingsmengde og fôrkvalitet. Tørrstoff-, energi-, protein-, og sukkerinnhaldet i fôret er direkte påverka av haustetidspunktet. Fordøyeligheten til fôret blir også påverka av slåttetidspunktet.
- Konservering
Gras og belgvekstar er fundamentet i mjølk- og kjøtproduksjon på drøvtyggarar i Noreg. For å ha godt fôr til dyra utover hausten og vinteren må graset konserverast på ein god måte.


