Plante- dyrking

Rips

Rips kan dyrkast over det heile av landet, og er den mest hardføre bærarten vi har. Det er lite handelsdyrking av rips, men den er mykje dyrka i privathagar. Rips høyrer ikkje naturleg heime hjå oss, men ein finn ofte forvilla rips eller villrips. Bæra er vanlegvis raude, men kan og vere fargelause. Som regel er bæra relativt sure.


Av Bjørg Fritsvold og Olav Bø, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Rips (Ribes rubrum) er i samme slekt som solbær. Dei to artane har mange felles eigenskapar, og dyrking av rips har mykje til felles med dyrking av solbær.

Biologi og utvikling

Rips veks og utviklar seg mykje som solbær. Rotsystemet er ikkje fullt så mykje forgreina som hjå solbær. Greinene kan bli noko eldre før bæravling, og kvaliteten blir meir redusert enn det som er tilfelle for solbær. Rips blomstrar tidlegare om våren enn solbær.

Som for solbær er det viktig å syte for optimale vekstvilkår for plantane. Friske planter i god vekst er avgjerande for å halde nede åtak av sjukdomar og skadedyr.

Høveleg jord og klima er grunnleggjande føresetnader for det.

Viktig å hugse på i ripsdyrkinga:

  • Ha klare planar for omsetning før utplanting.
  • Rips vil ha moldhaldig jord med god råme.
  • Syt for gode forkulturar som gjev plantefelt frie for ugras.
  • Bruk tilpassa sortar.
  • Bruk berre friske stiklingar og planter.
  • Vær nøye med plantinga.
  • Vatning er viktig!
  • God skjering er viktig for avling, kvalitet og som førebyggjande tiltak mot sjukdomar.

Meir om

Her er det i stor grad vist til det som er skrive om solbær, og berre det som er spesielt for rips er drøfta.

>> Les difor om solbær før du tek fatt på resten

>> Klima

>> Jord

>> Sortar

>> Dyrking

>> Plantevern

>> Vatning

>> Hausting

>> Marknad

>> Dyrkningsveiledning Ekologisk odling av vita och röda vinbär fra SJV