Husdyrhald & fôring

Oppstalling av kalven

Ku og kalv i kvitkløvereng

I både konvensjonell og økologisk mjølkeproduksjon skal vi ha fokus på god dyrevelferd i alle ledda i produksjonen. Kalvane er ein viktig del av besetninga, og eit godt kalvehald gir ein god start for ein god mjølkeproduksjon. Sjuke kalvar er også kostbart. Sjukdom kan forlenge oppfôringstida for både oksar og kviger med fleire månader, noko som dermed fører til ekstra fôrutgifter og bruk av fjøsplass. I tillegg kjem utgifter til veterinær/medisin og ekstraarbeid, pluss uro og bekymringar.

Naturleg åtferd kalv

Det naturlege for kua er å trekke seg vekk frå dei andre i flokken når ho skal kalve. Ho likar å kalve på tørre område, særleg i skjul for trær og buskar. Deretter er ku og kalv saman, isolert frå dei andre, eit par dagar. Etter kvart søker kalven andre kalvar medan mora beiter. Kalven dier mora i fleire månader, med gradvis avvenning ved at kua let kalven die mindre og gir mindre mjølk. Når alle dei basale behova er dekt har kalvane stor motivasjon for å leike. Dette krev god plass. Dei vil gjerne ligge med kroppskontakt til andre kalvar inntil dei er fult utvikla drøvtyggar ved 3 - 6 månaders alder. Kalven har stor overflate i forhold til vekt samanlikna med vaksne dyr, noko som gir eit større varmetap. Den har heller ikkje tilstrekkelege feittreservar til å kompensere for avkjøling på grunn av trekk eller fukt. I kalde periodar må kalven derfor auke energitilførselen ved å ete meir.

Kalvingsbinge

Kalven bør bli født i kalvingsbinge eller på beite. Dette ivaretar den naturlege åtferda til dyra ved å være skjerma frå dei andre, men reduserer også smittepresset og gir meir ro ved kalvinga. Ein eigen kalvingsbinge er frå dette synspunktet betre enn ein binge for gruppekalving, sjølv om den sistnemnte som regel krev mindre bygningsareal per ku. Det er forskriftsfesta at det skal være minst ein kalvingsbinge per 25 kyr i fjøs med lausdrift, men det må vurderast om dette er nok i forhold til drifta på garden. Det vil være behov for fleire bingar i besetningar med konsentrert kalving og i økologisk landbruk der kalven skal kunne die i minst tre dagar etter fødselen, jmf. Økologiforskrifta (september 2011). Kalvingsbingen bør plasserast mest mogleg uforstyrra frå dei andre dyra, men sentralt i forhold til jamleg tilsyn frå røktar. Kua som skal kalve bør få gå i kalvingsbingen minimum 2 til 3 dagar før forventa kalving for å unngå stress ved kalving.

 Gruppebingar er fleksible når mange kalvingar er venta innan kort tid. Men studiar har vist at dersom kua kalvar når ho går saman med andre kyr kan så mange som annakvar kalv komme til å suge andre enn si eiga mor. Kalven risikerer da å drikke seg mett på vanlig mjølk med lågt innhald av beskyttande antistoff, i staden for råmjølk. Bandet mellom ku og kalv er og vanskeligare å etablere i ein gruppekalvingsbinge, særlig for førstekalvarar, da kua lett kan bli forstyrra av andre kyr. I større besetningar med liggebåssystem kan ein kombinere ein gruppebinge («bufferbinge») og fleire enkeltbingar. Da kan høgdrektige kyr bli flytta til gruppebingen i god tid før kalving - ei kalving før tida i gruppebinge er betre enn på liggebås. Eit par dagar før berekna kalving blir kua flytta vidare til ein enkeltbinge, eller blir eventuelt skilt frå med lause grinder i gruppebingen.

 

Sørg for god bingedesign!

Kalvingsbingen skal være stor nok til at ku og kalv kan legge seg, ligge, reise seg og utføre kroppspleie på ein naturleg måte. Anbefalte mål er 10 - 12 m2 (minimum 8 - 10 m2), der inga side er kortare enn 3 m (minimum 2,3 m2). Det er ein fordel om det er personopning på fleire kantar av bingen, i tilfelle kua blir aggressiv og vil forsvare kalven.

God hygiene i kalvingsbingen er heilt avgjerande for god helse hos kalven. Bingen må derfor være enkel å reingjøre, og det bør være eit avløp slik at det er lettvint å vaske eller smittesanere. Ein kalvingsbinge bør aldri brukast som sjukebinge, på grunn av fare for sjukdomssmitte, sjølv om dette er lov.

For å unngå trekk på den nyfødde kalven er det ein fordel om halve høgda av bingeveggen nedanfrå er av tette veggar. I tillegg ønskjer kua å være avskjerma. Det er ein fordel om bingen har ei låsbar fôrgrind (om kua må undersøkast eller behandlast) og tilrettelagt for spannmjølking. Golvet bør være tett og sklisikkert, og det skal brukast godt med strø som drenerer bort eller sug opp fostervatn, urin og mjølkesøl. Gummibelegg på golvet auker komforten. Minimum 50 % av arealet i bingen skal ha tett golv. Om ein del av golvet er spaltegolv må ein sikre at spalteåpningene ikke er for breie for den nyfødte kalven, maks 25 mm er anbefalt.

Halm er godt egna som strø da eit halmlag drenerer godt samtidig som det er mjukt. Dei same krava gjeld sjukebinge. For eigen binge for sjuke kalvar i konvensjonell drift er det krav om (1,5 *1,2)m2 opp til 150 kg. I økologisk produksjon er det da krav om (1,5*1,2)m2 opp til 100 kg og 2,5 m2 opp til 200 kg. I uisolerte fjøs i kalde område er det viktig at sjukebinge er i ein isolert/varm del av bygget, da sjuke dyr har vanskeleg for å halde varmen.

Ammeopplegg

Det finns fleire moglege ammeopplegg. Det mest naturlege er der kalven går saman med morkua i fleire veker. Da er det viktig at kua og kalven får gå saman aleine dei første dagane slik at bandet mellom kua og kalven blir etablert. Dette tar fire til fem dagar. Eit alternativ er å la kalvane gå lause i fjøset slik at dei kan die fleire kyr. Det finns godt fungerande eksemplar på dette både i lausdriftsfjøs og båsfjøs. Ulempa kan være at det lett blir skittent i fjøset, og det kan være problem med at kyrne ikkje slipp ned mjølka ved mjølking. Ved restriktiv digiving blir kalvane halde i gruppebinge men blir sleppt ut nokon gonger per dag for å die. Det kan derimot være arbeidskrevjande å få kalvane på plass i bingen igjen.

Eit anna alternativ er å la ei ammeku ta hand om ein eller fleire kalvar. Da treng ein ikkje å mjølke kua som ammer. Ei ammeku av mjølkerase klarer vanlegvis 3-4 kalvar. Bingar for ammekyr kan sjå forskjellig ut:

 - Strøbinge for ei ammeku + kalvar
 - Strøbinge for fleire ammekyr + kalvar
 - Binge med liggebås for fleire ammekyr

Fordelen med å ha fleire ammekyr i same binge er at avvenninga blir enklare da kua ikkje festar seg ved den einskilde kalven. Systemet krev derimot nøye overvaking slik at alle kyrne blir dia og alle kalvar får nok mjølk. Om ein har fleire ammekyr i den same bingen, eller om kalvane får gå lause i fjøset, er det viktig at det ikkje er kyr som har mastitt, da kalvane kan fungere som effektive smittespreiarar.

Ammekubingar skal ha eit kalvegjømme. Om bingen har liggebås er det ein fordel å ha kalvegjømmet ved liggebåsfronten. Sjølv om forskrift om hold av storfe (2010) tillet eit minste areal i kalvegjømmet på 0,7 m2 per kalv, så anbefalast minst 1,00 m2 per kalv (og gjerne meir) opp til 100 kg og 1,25 m2 opp til 150 kg vekt.


Kor bør kalven plasserast?

Kalvane bør plasserast slik at det er lett å ha tilsyn med dei, og helst slik at ein ikkje kan unngå å sjå dei i det daglege fjøsstellet. Dette er og viktig ved eventuell plassering av kalvehytter ute. I tillegg er dette viktig for at kalven skal bli vant til menneske. Kalven må ikkje blir utsett for konstant trekk eller fukt, noko som vil kunne gi kalven stort varmetap. Å plassere kalveboksar inntil ein yttervegg er derfor ikkje det beste på grunn av trekk i form av kaltras frå vindauge og luftinntak. Eventuelt kan slik trekk bli styrt unna med ei plate som dirigerer kaldlufta opp mot taket.