Val av artar og sortar i engfrøblandingar
Ved val av frøblanding til eng er det mange moment å ta omsyn til. For det første må frøblandinga vere tilpassa jord og klima i distriktet. Offisiell verdiprøving og rettleiingsprøving syner kva sortar som er aktuelle. Det er viktig at rådgivingstenesta påverkar frøfirma til å bruke dei beste sortane slik at ein unngår artar og sortar som ikkje er hardføre nok. Frøfirma har frøblandingar for ulike distrikt, og desse gir eit godt utgangspunkt også for økologisk dyrking.
Frøblandinga må også høve til bruksmåten. Til silohausting er timotei-/ engsvingelblandingar mest brukte av grasartane, men langs kysten og sør i landet kan fleirårig raigras vere eit betre alternativ.
Hundegras og bladfaks er aktuelle i tørkeutsette distrikt. I ei eng som skal beitast mykje, må ein ta med artar som toler beiting (engrapp, kvitkløver, hundegras, raigras), elles vil ugras ta overhand etter kvart som dei sådde artane går ut. Det same gjeld for enga si varigheit. Vil vi ha ei langvarig eng, held det ikkje med ei standard frøblanding av beiteutsette artar som timotei, engsvingel og kløver. Her bør i alle høve engrapp vere med på næringsrik jord, og på skrinnare jord kan også varige grasartar som engkvein og raudsvingel vurderast.
Belgvekstar
Belgvekstane er viktige i økologisk drift. Raudkløver er den mest brukte engbelgveksten hjå oss, og er også den som gir sikrast avling ved hausting til slått. Kvitkløver er best tilpassa beiting. Denne bør og vere med i små mengder i slåtteblandingar for å gi botndekkje mot ugras og sikre kløver i avlinga dersom raudkløver går ut. Alsikekløver har i forsøk sjeldan gitt betre resultat enn raudkløver, men han kan vere betre tilpassa kystklima med låge temperaturar og surare jord. Luserne krev kalkrik, djup jord, og kjem best til sin rett i varme, tørre forhold.
Belgvekstane har fleire positive effektar enn nitrogenfiksering. Dei har lågare innhald av celleveggstoff (NDF) enn gras. Dette gir lågare fylleffekt og raskare passasje gjennom vomma, som igjen fører til høgare grovfôropptak ved appetittfôring. Vidare er mineralbalansen gunstigare med høgare innhald av særleg kalsium og magnesium.
For mykje belgvekstar kan vere uheldig i fôringa med auka fare for trommesjuke og fruktbarheitforstyrringar (planteøstrogen). Det kan også gi problem med konserveringa av fôret.
Såmengd
Såmengda er berre ein av fleire faktorar som verkar inn på kløverinnhaldet i enga. I jord med god nitrogenforsyning vil graset konkurrere hardt med kløveren i starten. Er forholda gunstige for spiring og vekst av kløver og konkurransen frå graset liten, kan enga bli fullstendig dominert av kløveren sjølv om såmengda er lita. Dette syner korleis såmengda berre til ein viss grad avgjer kløverinnhaldet i avlinga. Såmengda må derfor justerast etter praktiske erfaringar og ønskt kløverinnhald i avlinga.
Ein må også skilje mellom kløverartane. Kvitkløveren breier seg vegetativt med overjordiske utlauparar og er derfor ikkje så avhengig av såmengda som det til dømes raud- og alsikekløver er.
Normal tilrådd såmengd for raudkløver er 0,5 kg frø per dekar. Det svarer til 20 % av blandinga ved ei total såmengd på 2,5 kg frø per dekar. Ein bruker normalt ein lågare del kvitkløver i blandinga. Luserne har større frø enn kløver, og normal såmengd er 1,0-1,5 kg luserne i blanding med til dømes 1,0 kg timotei og eventuelt 0,1 kg raudkløver.


