Plante- dyrking

Klima

Med tilpassa sortar kan solbær dyrkast over det meste av landet.

Daglengda verkar sterkt inn på vekst og utvikling hjå mange sortar. Fleire av dei beste sortane for Nord-Norge får til dømes små og krypande buskar når dei dyrkast i Sør-Norge. Dei avsluttar veksten for tidleg, fordi det er for kort daglengde i Sør-Norge allereie tidleg på sommaren for mange av dei sortane som er tilpassa veksetilhøva i nord.

Solbær er var for frost i bløminga.

Vasstilgang

Buskane treng god vasstilgang i juni, juli og september. Dersom nedbøren på staden normalt kjem til andre tider må vatningsanlegg vere tilgjengeleg.

Snø- og vinterskade

Mykje snø kan skade buskane. I strok med mykje snø bør ein difor ha eit enkelt system for å binde opp buskene om vinteren.

Mykje snø kan også føre til kveling av skota. Borken sprekk gjerne opp, og ulike sopporganismar kan få innpass.