Sortar
Det er stadig nye sortar under utvikling. Dei viktigaste foredlingsmåla i solbær er avlingsevne, kvalitet, resistens mot mjøldogg og solbærgallmidd, og opprett veksemåte. Når det gjeld kvalitet, blir det særleg fokusert på innhald av C-vitamin og tørrstoff. Det norske sortimentet skulle høve godt også for økologisk dyrking.
Aktuelle sortar i Sør-Noreg og Nord-Noreg er vist i under. Dei relativt nye Ben-sortane er utvikla i Skotland. Dei utmerker seg med opprett vekst og god resistens mot mjøldogg. To av Ben-sortane, ’Ben Nevis’ og ’Ben Lommond’, er ikkje tekne med, på grunn av sviktande resistens. Den nordsvenske sorten ’Øjebyn’ er framleis ein viktig sort her i landet. ’Hedda’, ’Kristin’ og ’Narve Viking’ er norske sortar.
Mange av sortane har synt stor variasjon i avlingsmengd og andre eigenskapar etter dyrkingsstad.
| Oversyn over solbærsortar som er aktuelle for økologisk dyrking i Sør-Noreg | |||||||
| Sort | Avling | Mjøldoggresistens | Veksemåte | Tidleg/Sein | C-vit | Tørrstoff | Smak |
| Øjebyn | Middels | God | Nedliggjande | Tidleg | Lågt | Lågt | God |
| Hedda | Middels | God | Middels opprett | Tidleg | Lågt | Høgt | Middels |
| Ben Tron | God | God | Opprett | Tidleg | Høgt | Høgt | Spesielt god |
| Ben Alder | God | God | Opprett | Middels tidleg | Høgt | Høgt | God |
| Ben Tirran | God | God | Opprett | Sein | Høgt | Høgt | God |
| Kristin | God | God | Opprett | Middels tidleg | Middels høgt | Høgt | Spesielt god |
| Narve Viking | God | God | Opprett | Middels sein | Middels høgt | Høgt | Spesielt god |
Aktuelle solbærsortar for økologisk dyrking i Nord-Noreg
- ’Øjebyn’ er middels tidleg og går bra på Helgeland og Ytre Salten.
- ’Jänkisjärvi’ har opprett vekst, er tidleg og gjev store bær og god avling.Vinterherdig. Tilrådd planta i Nordland og Troms.
- ’Sunderbyn II’ er tidleg og hardfør og sterk mot mjøldogg, men svak mot solbærgallmidd. Kan plantast i heile Nord-Norge.
- ’Nikkala XI’ er noko seinare enn Sunderbyn II, men gjev stor bær med god kvalitet. Veksten er krypande. Kan plantast i Nordland og Troms.
- ’Imandra’ er ein tidleg russisk sort som gjev god avling. Resistent mot mjøldogg. Mest aktuell lengst i nord
For nærare opplysningar om sortane må ein studere artiklane:
Nes, A., N. Oppstad og B. Hageberg, 1998: Nye solbærsortar gjev store avlingar og kan dyrkast med mindre sprøyting. Norsk frukt og bær 1/1998
Nes, A. m.fl., 1999: Resultat frå sortsforsøka i solbær siste åra. Norsk frukt og bær 2/1999
Måge, F. og K.Grønnerød, 1999: Erfaring med solbærsortar ved NLH. Norsk frukt og bær 1/1999
Øydvin. J., 1999: ’Narve Viking’ solbær. Norsk frukt og bær 2/1999


