Etablering av felt
Solbær bør ikkje plantast på frostutsette stader. Dette gjeld særleg sortar som blømer tidleg. Sortane som ein har i dag, er stort sett seintblømande. Det kan vera lurt å plante solbær i ei svak helling. Det vil vera gunstig både med tanke på både frostfare og for å sikre god drenering. Med tanke på å førebyggje soppsjukdomar er det gunstig å plante på ein litt luftig plass, med radene på langs med vindretninga.
Det bør vera minst fire år opphald mellom kvar gong ein dyrkar solbær på eit felt. Jordbær er også ein dårleg forkultur for solbær, på grunn av ein felles nematode. Også her bør det vera minst fire års avstand.
Før planting
Før planting må vi ha forkulturar som gjev jord i god hevd og som er fri for fleirårige ugras. Dette er særleg viktig ved økologisk dyrking. Kveke er det mest brysame rotugraset.
Eitt år med grønfôr med raigras som vert slege ofte, fylgt av eitt år potet med god ugrasregulering, vil som regel ta knekken på kveka.
Plantesystem
Kva plantesystem ein skal velja, er avhengig av haustemetode. Handplukking er lite aktuelt i kommersiell dyrking, men for mange kan det vera aktuelt å tilby sjølvplukk for interesserte.
Skal ein dyrke solbær i særleg omfang, er det naudsynt å leggje til rette for mekanisering. Det er to alternativ å velja mellom, anten hausting etter bankemetoden eller å bruke haustemaskin. Det siste medfører store investeringar, og betaler seg berre på svært store areal. Hausteutstyr til bankemetoden er relativt rimeleg.
Enkelt- eller dobbeltrad?
Det er mest vanleg å plante i enkeltrader i dag, men ved hausting etter bankemetoden kan det også plantast dobbelrader i trekantforband. I økologisk dyrking vil det truleg vera best å satse på enkeltrader med tanke på å førebyggje soppangrep.
Planteavstanden kan vera 1,5-2 meter. Det bør vera plass til å køyre med traktor mellom radene eller dobbelradene. Ein bør plante nytt jamleg slik at ein til ei kvar tid har fleire felt med ulik alder. Dette er vesentleg for å sikre jamn produksjon. Normalt ligg solbærfelta rundt 10 år, men ved godt stell kan dei halde ut vesentleg lengre.
Køyrefeltet
I køyrefeltet mellom radene bør ein så til med ei blanding av gras og kløver. I bratt terreng kan det bli glatt dersom kløverinnslaget er for stort. Gras konkurrerer sterkt med solbærbuskane, så ein bør gjødsle såpass at det vert godt med næring både til bærbuskane og det som veks i gangane.
I eit økologisk dyrkingssystem er det viktig å ha grøne plantar størst mogleg del av vekstsesongen, med tanke på å binde solenergi. Energi er ofte minimumsfaktor i dei biologiske prosessane i jorda. Fleirårige vekstar er å føretrekke med tanke på oppbygging av humus.


