Formeiring og planting
Det er enkelt å laga eigne planter av solbær gjennom stiklingsformeiring, og såleis få ned anleggskostnadene. Uansett om plantene vert kjøpt eller du lagar dei sjølv, er det viktig at utgangspunktet er sjukdomskontrollert. Ta stiklingar av friske morplanter, eller kjøp virusfrie stiklingar.
Stiklingane bør vera 20-25 cm lange og blyanttjukke, og ein tek dei av siste års skot medan buska er i vinterkvile. Ein må passe godt på at stiklingane ikkje får tørke ut før ein stikk dei om våren.
Neste vår skjer ein heilt tilbake dei skota som voks opp fyrste sesongen. På den måten fremjar ein god forgreining frå basis. Normalt vil ein då få ei busk med 3-5 greiner som ein kan plante ut same haust eller neste vår.
Haust- eller vårplanting
Solbær kan plantast om hausten eller om våren. Dersom ein plantar om hausten, må det ikkje vera seinare enn at plantane får tid til å røte seg og gå til kvile før hausten kjem.
Haustplanting er gunstig for at plantane kan koma tidleg i gang om våren.
Planting
Sjølve plantearbeidet må foregå med stor omsorg for å sikre ein god start for plantane. Det er særs viktig å verne røtene mot uttørking, så av den grunn bør ein ikkje planta i sterkt solskinn.
Plantane bør få stå i vatn nokre timar før utplanting. Jorda i planteholet skal vera finsmuldra og med god råme. Fin jord rundt røtene og god pakking etterpå er viktig for at røtene skal få god kontakt med jordråmen.
Enkelte praktiserer også å dyppe røtene i ein tjukk velling av leire, fersk kumøkk og kjerringrokk rett før planting. Dette er ei forsikring mot uttørking, samstundes som plantane får med seg «niste» .
Basis for skotvekst
Plantane skal stå om lag 5 cm djupare enn dei gjorde i planteskulen. Det gjev ein breiare basis for ny skotvekst.
Dei lengste røtene kan kappast. Røtene skal leggjast slik at dei kan veksa utover. Det er også tilrådd å toppe plantane ned til ca 40-50 cm rett etter planting for å redusere faren for uttørking. I tillegg bør ein fjerne svake skot.
Kring og under plantane
Rett etter planting bør ein strø på kompost kring plantane og dekke med halm, flis eller gras. Dette er viktig som vern mot uttørking, som næringstilskot og for å hindre ugrasvekst.
Mellom radene bør ein så til med ei allsidig blanding av svaktveksande gras og kvitkløver. Det må ikkje bli for kraftig slik at det fører til mangel på næring eller vatn til solbærbuskene.
Under buskene skal det ikkje vekse gras, men jorda bør dekkjast med organisk materiale.


