Skjering
Skjering av buskene skal skje om våren. Skjeringsarbeidet er særs viktig for å sikre både avlingsmengde og god bærkvalitet ved at ein får stimulert veksten, fornya buskene og sikra betre ljostilhøve, gunstig form og veksemåte på buskane, fjerna sjuke skot og dermed letta kampen mot sjukdomar.
Dei 2-3 fyrste åra etter planting skal ikkje solbærbuskene skjerast noko særleg. Ein skal berre fjerne skadde greiner og dei som ligg langs bakken. Svake årsskot inne i busken bør ein i regelen også ta bort.
Fornying
Etter 4 år startar ein med å skjera ut for å fornye buska. Greinene skal alltid skjerast nede ved bakken. Ein tek fyrst skadde og nedliggjande greiner, deretter dei eldste greinene, og så yngre greiner som er dårleg plassert.
Svært små skot bør også fjernast, for dei vil aldri nå full utvikling. Ein kan ha som ei rettesnor at buska skal stå att med om lag 16 greiner med alder frå 1-4 år, om lag 4 greiner i kvar aldersgruppe.
Hekk
Solbær kan også dyrkast i hekk. Greinene vert då bunde opp på trådar langsetter rada. Dette gjev god lufting og godt med lys til bæra.


