Gjødsling
Solbærbuskene er ikkje særleg næringskrevjande. For å få godt utvikla busker med jamn avling bør ein likevel tilføre gjødsel kvart år.
Solbær treng relativt mykje kalium og mikronæringsemne, men skal ha lite nitrogen. Næringstrongen varierer med sort og klimaforhold. Når det gjeld hovudnæringsemna, er det årlege behovet per dekar rekna til om lag 2-5 kg nitrogen, 1 kg fosfor og 3-5 kg kalium.
Etableringsfasen
I etableringsfasen treng plantane meir næring enn når dei er ferdig utvikla. Av den grunn må feltet vera godt oppgjødsla før planting.
Rundt 2-4 tonn husdyrgjødsel per daa kan vera ei høveleg grunngjødsling, avhengig av gjødsling til forkultur og lokale forhold elles.
Ferdig utvikla
Deretter kan det høve med 1-2 tonn husdyrgjødsel per daa i året. Ein må også her sjå på mellomkulturen som ein viktig del som skal gjødslast, slik at den ikkje konkurrerer med bærbuskene.
Utfordringa blir å få til ei tilpassa gjødsling. Det kan fort bli for mykje nitrogen, som gjev for sterk skotvekst og kan redusere blomsterdanninga. Det kan også gje uheldig form på buskene.
Nitrogentilgangen må regulerast når det vert vatna mykje eller når det kjem mykje nedbør.
Bladprøver
Det kan vera aktuelt å ta ut bladprøver i månadsskiftet august/september, og bruke resultatet som grunnlag for gjødselplanlegginga neste år. Den lokale rådgjevingstenesta bør kontaktast for å finne riktig tidspunkt for bladprøver.
Ein veit lite om bladanalyser er eit tenleg reiskap for å finne rett gjødsling i økologisk bærdyrking. Truleg er det mest aktuelt som ei rettesnor i starten, inntil dyrkaren har fått erfaring. Optimalområde for næringsinnhald i blad frå solbær er vist i tabellen under.
| Optimalområde for næringsinnhald i blad frå solbær (prosent av tørrstoffet) | ||||
| Nitrogen (%) | Fosfor (%) | Kalium (%) | Magnesium (%) | Kalsium (%) |
| 2,6 - 3 | 0,2 - 0,3 | 1,2 - 1,8 | 0,2 - 0,4 | 1 - 1,5 |
Gjødselverknad frå dekkmateriale
Dekkmaterialet som ein legg under solbærbuskene, vil også kunne ha gjødselverknad. Ein bør unngå å leggje gras rett under buskene, for det kan gje sterk nitrogentilførsle til buskene.
Brukar ein halm eller kvist vil ein del av nitrogenet bli bunde i nedbrytinga, og gjødselverknaden kjem fyrst etter nokre år.


