Sjukdomar
For å førebyggje soppsjukdomar er det viktig å syte for god gjennomlufting av buskene, både ved plassering av feltet og med god skjering.
Mjøldogg
Mjøldogg (Sphaerotheca morsuvae) er den alvorlegaste sjukdomen i solbær. Mjøldogg syner seg som eit kvitt belegg i toppen på unge skot og på blad. Seinare blir fargen mørkebrun og til sist brunsvart.
Ved sterke angrep tørkar skota ut om vinteren. Det er lagt så sterk vekt på resistens mot mjøldogg i foredlinga at det skal vera mogleg å unngå problemet ved å velja dei rette sortane.
Bærbuskbladfall
Bærbuskbladfall (Drepanopeziza ribis) og bærbuskbladflekk (Mykosphaerella grossularia) er soppsjukdomar, og fører til brune blad som etter kvart dett av. Smitta overvintrar på blada.
For å hindre smittespreiing kan ein sprøyte fortynna land (5 %) på blada når dei er dotte ned, for å påskunde nedbrytinga. Endå betre effekt vil ein få dersom blada blir knuste med ein grasklyppar eller liknande. Dette har også god verknad mot eventuell mjøldoggsmitte.
Andre
Solbær kan også få åtak av rustsopp og gråskimmel.


