Plante- dyrking

Skadedyr

Fleire har erfaring med at det er lite problem med skadedyr i økologisk og integrert solbærdyrking. For å sikre seg mot skade bør ein leggje til rette for naturlege fiendar.

Dei farlegaste skadedyret i solbærdyrkinga er solbærgallmidd (Eriophyes ribis). Solbærgallmygg (Dasineura tetensi) og solbærborkgallmygg (Resseliella ribis) er også skadedyr som opptrer av og til, men skaden har vanlegvis lite å seia.

Solbærgallmidd og nesletopp

Dei små middane lever inne i knoppane der dei syg saft. Knoppane svulmar opp i august og syner seg som erteliknande knoppar om våren. Då turkar dei ut og dett ned . Midden kryp ut og inn att i nye knoppar.

Dette insektet spreier i tillegg den farlege virussjukdommen nesletopp. Resistens mot solbærgallmidden er eit særs viktig mål i foredlinga av solbærsortar. Resistensen blir aldri 100 %, så ein må også leggje vekt på andre førebyggjande tiltak.

Det er særleg viktig å bruke reint plantemateriale og å fjerne og brenne mistenkelege busker.

Balansert dyrkningssystem

I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.

Naturlig fiende

I økologisk dyrking er det ei sentral oppgåve å syte for gode livsvilkår for dei naturlege fiendane til skadedyra som kulturvekstane er utsette for.

Dei naturlege fiendane er insekt i ulike stadium av livssyklusen, slik som
laupebiller, rovteger, marihøner, gullauge og saksedyr, samt større dyr som flaggermus og ulike fugleartar.

Eksempel på tiltak som kan fremje bestanden av nyttedyr

•fuglekassar og andre typar «reir» for nyttedyr i og rundt feltet
•jorddekke av daudt plantemateriale er fint skjul for mange insekt
•blomstrande plantar med ulik blomstringstid i nærliggande område sikrar nektar og pollen til insekta

For nærare detaljar om dette, sjå Handbok i økologisk fruktdyrking (Schawlann 1999).