Plante- dyrking

Hausting

Handplukking er aktuelt om du skal levere solbær til friskkonsum. Elles er hausting etter bankemetoden eller maskinell hausting aktuelt. Sjølvplukk av solbær er aktuelt i visse område.

Sjølvplukk av solbær er aktuelt i visse område. Handplukking er aktuelt om du skal levere solbær til friskkonsum. Elles er hausting etter bankemetoden aktuelt på areal opp til 30-40 dekar. Utstyret er rimeleg.

Bankemetoden

Ein set glasfiberbaljer under buskene, og bankar på greinene slik at bæra dett ned i karet. Deretter tømmer ein bær opp i eit renseverk som er kopla til traktoren. Renseverket fjernar blad og rusk ved hjelp av luft.

Ein flink person vil lett hauste 30-40 kg i timen med bankemetoden.

Maskinell hausting

Maskinell hausting kan også vera aktuelt. Det finst eksempel på at fleire dyrkarar har slått seg saman om ei haustemaskin. Solbær vert hausta i ein omgang, slik at maskina kan transporterast mellom fleire bruk.

Ei haustemaskin vil kunne brukast på hausting av 150-200 dekar i året.

Post-harvest

Rask nedkjøling etter hausting er avgjerande for kvaliteten.

Avlingsresultat

Ein har ikkje registrerte avlingar for økologisk dyrking. Det er grunn til å rekne med at ein skal kunne få avlingar på høgde med det som er vanleg ved konvensjonelt dyrking.