Plante- dyrking

Sortar

I norsk foredlingsarbeid i rips blir det lagt vekt på sterk resistens mot bladfallsopp, god form på buskene, god bærkvalitet.

Raud rips

Dei mest aktuelle sortane av raud rips:

  • ’Raud hollandsk’ er den dominerande ripssorten her i landet. Bæra er relativt sure. Sorten er hardfør, sterk mot sjukdomar og med kraftig vekst og god buskform.
  • ’Jotun’ er ein middels tidleg norsk sort som er sterk mot sjukdomar. Veksten er middels kraftig og opprett. Sorten gir bra avling og har store klasar.
  • ’Nortun’ er også ein norsk sort som er sterk mot sjukdomar. Den er mindre vinterherdig enn dei førstnemnde sortane. Sorten er tidleg og gjev god avling av bær som er gode å eta.
  • ’Altas’ er ein norsk spesialsort for Nord-Noreg. Sorten er sterk mot sjukdomar og har ein kraftig og noko utbreidd vekst. Bæra modnar tidleg og klasane er relativt store.

Kvit rips

Kvit rips er generelt svakare mot bladfallsoppar enn dei raude sortane, og difor truleg mindre aktuelle for økologisk dyrking. Kvit rips har god kvalitet og er søte og gode, så det kan likevel vera verdt å prøve ein av dei kvite sortane, til dømes ’Kvit hollandsk’ eller ’Weise von Joteberg’.

Føresetnaden er då at ein plantar på ein stad med god gjennomlufting og skjer godt i busken for å førebyggje soppangrep.