Dyrking
Nedanfor er det sett opp eit par punkt der dyrking av rips skil seg frå solbærdyrking.
Stiklingsformering
Ved stiklingsformeiring gjev det sikrare resultat å stikke ripsstiklingane om våren enn om hausten.
Skjering
Ved skjering av rips er regelen at ein let greinene bli frå 4 til 6 år gamle. Etter skjeringa skal det stå att like mange greiner som i ei solbærbusk.
Oppbinding og lysforhold
Oppbinding i hekk kan vera særleg aktuelt for sortar med krypande vekst. Betre lysforhold gjev søtare bær. Metoden gjev større klasar, og er svært aktuell ved sal av bær til friskkonsum.
Les meir
>> om etablering av felt, gjødsling og anna stell under solbær


