Plante- dyrking

Vatning

Rips har litt svakare rotsystem enn solbær. Difor stiller den endå større krav til god vasstilgang, i dei same periodane som solbær.

Dei fleste stader er det gunstig å ha tilgang til vatning. Det er særleg viktig at buskene får tilstrekkeleg tilførsle av vatn i juni og juli. For lite vatn i denne perioden kan føre til redusert bæravling og skotvekst.

Skotvekst

Redusert skotvekst kan føre til redusert avling neste år. God tilgang på vatn i juni er også positivt for å redusere kartfallet.

Tørrperiode

Erfaring har synt at ein tørrperiode på 3-4 veker etter at danning av blomsterknoppen tek til i slutten av juli, har positiv verknad. Seinare er det derimot viktig med god tilgang på vatn for knopputviklinga og dermed for avlinga neste år.

Vatningssystemet må veljast mykje ut i frå dei same vurderingane som er nemnt for bringebær.

Meir om

>> Vatningssystem for bringebær