Plante- dyrking

Hausting

Rips kan haustast etter bankemetoden, slik som solbær. Haustemaskiner kan også nyttast til rips. Rips til friskkonsum må haustast manuelt.

Rask nedkjøling etter hausting er avgjerande for kvaliteten. Avlingstal for økologisk dyrking har ein ikkje, men det er ingen grunn til å tru at dei skal vera lavare enn ved konvensjonell drift.

Bankemetoden

Bankemetoden er aktuelt på areal opp til 30-40 dekar.

Utstyret er rimeleg. Ein set glasfiberbaljer under buskene, og bankar på greinene slik at bæra dett ned i karet. Deretter tømmer ein bær opp i eit renseverk som er kopla til traktoren. Renseverket fjernar blad og rusk ved hjelp av luft.

Ein flink person vil lett hauste 30-40 kg i timen med bankemetoden.

Meir om

>> maskinell hausting av solbær