Plante- dyrking

Marknad

Om du tenkjer på å plante ut nytt bærfelt, må du aller fyrst avgjera kva marknad du skal satse på. Sortsvalet er avhengig av om du skal dyrka for sjølvplukk, til friskkonsum, eller levere til industrien.

Om du vil satse på sjølvplukk, må du helst velja sortar som er gode både som etebær og til sylting. Eit større utval av sortar er også gunstig ved sjølvplukk.

Planting og stell

Både planting og stell i veksttida blir styrt av kva bæra skal brukast til.

Bær til friskkonsum krev at ein skjer godt i buskene og eventuelt også bind opp greiner, for å sikre god lystilgang.

Ved sjølvplukk eller handplukking til friskkonsum bør det plantast litt romslegare enn det som er vanleg til maskinell hausting.

Fryseanlegg

Tilgang til fryseanlegg er ein stor fordel fordi ein då kan fryse ned bær som kan seljast som frosen vare eller brukast til vidareforedling seinare.