Klima
Bringebær har eit meir avgrensa dyrkingsområde enn solbær og jordbær. Om lag 60 % av norsk salsproduksjon av bringebær skjer i Sogn og Fjordane, medan Akershus, Hordaland, Buskerud og Oppland har 20 % av salsproduksjonen. Men bringebær kan dyrkast i vide område utanom hovudregionane for salsdyrking. Ein er då meir avhengig av plassar med godt lokalklima og vinterherdige sortar.
Det må vere tilstrekkeleg temperatur og lengd på vekstsesongen til at bringebærplanta vert fullt utvikla.
Førebyggje soppangrep
Med tanke på å førebyggje soppangrep, bør bringebærfelt plasserast der det er god gjennomlufting. Det er gunstig å leggje radene på tvers av dominerande vindretning. For mykje vind kan vere negativt.
Jamn råme
Jamn råme er viktig og i tørre område må ein ha tilgang til vatning. Samstundes vert bringebærplanta lett utsett for soppsjukdomar, og tek skade av for mykje vatn. Difor kan bringebærdyrking vere vanskeleg i strok med mykje regn.
Frostskade og overvintring
Overvintringstilhøva set også grenser for bringebærdyrkinga. Enkelte sortar avmodnar seint og er utsett for frostskade tidleg på vinteren. Høgt innhald av nitrogen i plantene seinkar avmodning og kan føra til auka problem med frostskader.
Bringebær er utsette for knoppfrost dersom det kjem ein kuldebolk etter mildversperiodar på etterjulsvinteren. Skotspissane kan også fryse, men dette problemet er mindre.
Ein skal vere varsam med å plante bringebær i tidlege sørhellingar. Varm vårsol kan vekkje knoppane for tidleg og auke risiko for frostskade.
Store snømengder kan også vere uheldig for overvintringa.


