Plante- dyrking

Etablering av felt

Når ein har funne ein gunstig plass for eit bringebærfelt, bør ein syte for ein eller fleire forkulturar som gjev jord i god hevd og som er fri for fleirårige ugras. Dette er særleg viktig ved økologisk dyrking.

Eitt år grønfôr med raigras som vert hausta ofte og deretter eitt år potet med god ugrasregulering vil som regel ta knekken på kveka som er det mest brysame rotugraset. Det bør alltid nyttast statskontrollerte planter ved etablering av nytt felt.

Stiklingar frå gamle felt

Grunna risiko for virussmitte bør ein ikkje ta rotskot eller grønstiklingar frå gamle felt.

Drill og planteavstand

Planting på 10-30 cm høge drillar sikrar god drenering og rask oppvarming av jorda i planterada. Radavstanden bør vere 2,5 m eller meir, avhengig av teknisk utstyr som eventuelt skal brukast mellom radene. Tilrådd planteavstand ved nyetablering er 50-60 cm.

Mellom radene

Radene bør minst ha eit 60-70 cm breitt område med open jord. I gangane mellom planteradene bør ein med tanke på oppbygging av humus så til med fleirårige vekstar. Ein bør gjødsle såpass at det vert godt med næring både til bringebærplantar og det som veks i gangane.

Ein blanding av gras og kløver kan anbefalast, men ver merksam på at det i bratt terreng kan bli glatt dersom kløverinnslaget er for stort, og at gras konkurrerer sterkt med bringebærplantane.

Plast

Planting på plast er prøvd ein del. Det kan ha sine føremonar, men mange meiner at ein bør unngå plast i økologisk dyrking og heller finne andre alternativ.

Enkelte har sjølve rada i open jord, men legg ut plast på båe sider av rada med ein smal gang i midten som vert sådd til. Dette hindrar ugrasinvasjon i rada, ein kan få lagt ut kompost/ husdyrgjødsel i rada, samstundes som ein får redusert dei nemnte negative effektane av mellomkulturen.

10 år

Normalt kan ein rekna at bringebærfelt kan liggje i cirka 10 år. Om det er lite ugras og lite teikn til virussmitte, kan det liggje lenger.

Vekstskifte og jordtrøyttleik

Etter rydding av bringebærfelt må det gå fleire år før ein kjem att med bringebær på same område. Vekstar som høyrer til rosefamilien, medfører ofte jordtrøyttleik etter mange års dyrking. Orsaka til dette er sannsynlegvis knytt til næringsforsyning og sjukdomsorganismar i jorda.

>> meir om jordtrøyttleik