Plante- dyrking

Gjødsling

Gjødslinga må tilpassast næringstilstanden i jorda, og ver og vekst i det enkelte år. Aktuelle gjødselmiddel er kompostert eller nesten fersk husdyrgjødsel, land og steinmjøl.

Bringebærriset vert fjerna kvart år, og dermed blir mykje næringsstoff fjerna frå feltet. Sidan bringebær som nemnt er næringskrevjande og sidan det veks planter i gangane som treng gjødsling vert det naudsamt å tilføre nokså mykje gjødsel.

Vår og ettersommar

Bringebærplantene treng mykje næring frå våren av, medan ein må vere meir varsam med tilførsla på ettersommaren, særleg med nitrogen. Dette fordi ein kan risikere å få for sein avmodning av skota og dermed fare for overvintringsskade.

Nitrogen

For mykje nitrogen kan gje ubalanse i emneomsettinga i plantane og gjere dei meir utsett for skadedyr og sjukdomar. Årsaka til dette er at for mykje nitrogen gjer at plantane utviklar ein svakare struktur i celleveggene som det er lettare for skadelege organismar å trengje gjennom. Samstundes må det vere tilstrekkeleg med nitrogen også på ettersommaren for å unngå reduksjon i avlinga.

I konvensjonell dyrking er det vanleg å gjødsle fleire gonger gjennom sesongen.

Erfaringsgrunnlag

Grunna generelt liten erfaring med økologisk bærdyrking i Noreg er det vanskeleg å gje konkrete råd om berekning av gjødselmengder i økologisk bringebærdyrking. Kvar dyrkar må i stor grad prøve seg fram og vinne erfaring. Ved sidan av å vurdere korleis trivselen i feltet er, kan det vere nyttig å ta bladprøver i månadsskiftet august/september, for å sjå korleis ein har treft med gjødslinga.

Den lokale rådgjevingstenesta kan kontaktast for å finne riktig tidspunkt for bladprøver. Dette kan brukast som erfaringsgrunnlag og rettesnor i starten for å planlegge gjødsling neste år.

Optimalområde for innhald av dei viktigaste næringsstoffa i blad frå bringebær
 Nitrogen (%) Fosfor (%) Kalium (%) Magnesium (%) Kalsium (%) Bor (ppm) Mangan (ppm) 
 2,8 - 3 0,2 - 0,3  1,2 - 1,8  0,2 - 0,4  1 - 1,5  20 - 30  30 - 60 

Husdyrgjødsel og kompost

På grunnlag av drøftingane ovanfor bør ein om våren tilføre 2-4 tonn fast husdyrgjødsel per dekar. Gjødsla kan vere fersk eller kompostert eller ei blanding av desse. Mengdene må sjølvsagt vurderast etter husdyrgjødsel og jordforhold. Gjødsla bør leggjast i og langs med radene tidleg om våren og så dekkjast til med anna organisk materiale.

Særleg i år med mykje nedbør kan det bli behov for ekstra nitrogentilskot. Land er då eit aktuelt gjødselmiddel. Om ein er redd for at det vert for mykje nitrogen til bringebærplantene etter hausting kan ein la graset i gangane få veksa godt. På den måten kan ein utnytte konkurransen mellom anna vegetasjonen og bærbuskane.

Bor

Bor er det viktigaste mikronæringsemnet. For lite bor kan føre til at skotspissar og knoppar visnar, gje redusert pollenkvalitet, og verke negativt på overvintringsevna.

Ved bormangel kan ein søkje dispensasjon hjå Debio for å få bruke boraks.

Mangan

Manganmangel kan ein få dersom pH vert for høg.

Kompost

På Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland er det gode røynsler med å tilføre kompostert husdyrgjødsel i planterada om våren og deretter leggje eit lag med oppkverna lauvtrekvist oppå komposten. Denne kvisten forsvinn i løpet av vekstsesongen, og har såleis ein viss gjødselverknad. Dette er ein metode som liknar på forholda som villbringebær veks under.

Gras

Gras frå gangane kan og leggjast inntil radene, men ikkje i radene.

 

Les meir:

>> Dyrkningsrettleiing med hovudvekt på jordkultur og gjødsling