Plante- dyrking

Stell av kulturen i vekstsesongen

Det er viktig å halde hekken open gjennom heile sesongen.

Hekken bør haldast smal, ikkje over 30 cm. Det regulerer ein enklast med slåmaskin.

Berande stengler og nye skot

Ein bør tynne i skota slik at det er 7 til 10 berande stenglar og 10 til 12 nye skot per meter rad.

I økologisk dyrking kan det løne seg å ha litt færre stenglar enn i konvensjonell dyrking med tanke på å førebyggje soppangrep.

Dersom stengelsjukdom

Dersom det er mykje stengelsjukdomar i feltet, bør gamle skot fjernast om hausten. Dette bør truleg også vere regelen ved økologisk dyrking her i landet, men ein skal vere merksam på at fjerning av skota om hausten aukar faren for overvintringsskade.Dette skuldast truleg at karbohydrat vert overført frå dei gamle skota til dei nye utover hausten/vinteren, og at dette gjer dei nye skota meir vinterherdige.

Topping

Det er vanleg å toppe bringebæra til høveleg plukkehøgde - men også fordi bæra er små i toppen. Det er tilrådd å toppe om hausten der det er fare for vindskade, medan det i strok med risiko for frostskade bør toppast om våren.

Det blir rådd til å toppa 2-4 knoppar over toppehøgd om hausten, og så toppa att om våren.

Gjerdemetoden

Gjerdemetoden er det mest aktuelle alternativ for oppbinding av bringebærstenglane. Ein set ned stolpar midt i planterada med ein avstand på 4 meter mellom kvar stolpe. Lengda på stolpene bør vere slik at dei rekk minst 1,5 m over bakken. På kvar stolpe skal det vere eit 90 cm langt tverrtre om lag 150 cm over bakken.

På tverrtreet festar ein spikrar eller anna feste for dei to trådane som ein strekkjer opp langs planterada. Det skal vere fire trådfeste, dei to inste med 30 cm mellomrom (tilsvarande breidda på planterada) og 80 cm mellom dei to ytste.

Om våren bind ein skota til tråden med snor eller klips - halvparten til kvar side.

Fremmer modning og lettar plukkearbeidet

Ein let tråden stå i innerstilling fyrst på sommaren, og når bløminga er i gang, flytter ein dei i ytterstilling. Ein oppnår då at fleire sideskot med bær vender inn mot gangen. Dette fremjar modninga og lettar plukkearbeidet. Samstundes blir det då lysare for dei nye skota som vanlegvis veks opp i mellom dei to radene med berande skot.