Ugras
I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.
Eit viktig førebyggjande tiltak mot ugras er å syte for å ha jord som er fri for ugras ved etablering. Deretter er det avgjerande å finne dyrkingsmåtar som hindrar at ugras etablerer seg i rada.
Konkurranse
Ved planting er bringebærplantane konkurransesvake, men når hekken er vel etablert, konkurrerer dei relativt godt mot ugras i rada.
Største utfordringa er difor å halde ugraset borte inntil hekken er skikkeleg etablert.
Dekkemateriale
Til dekking mot ugras i bringebær bør ein helst bruke eitt eller anna organisk materiale, og helst noko som er tilgjengeleg i nærmiljøet. Ein må rekne med at handluking i rada er nødvendig.
Dekking med gras kan gje for høg jordråme og låg jordtemperatur, og dermed auka risiko for rotråte.
Bark, sagflis eller halm
Bark, sagflis eller halm er aktuelt, men ein må vere merksam på at for tjukke lag gjer at jorda vert seint oppvarminga om våren. Materialet er også rikt på karbon og fattig på nitrogen, så det vil stele nitrogen frå jorda når det vert brote ned. Dette må ein ta omsyn til i gjødslinga.
Plast
Plast er eit effektivt dekkemateriale mot ugras. Det er ei ulempe at jordråmen kan verte for høg under plasten. Sjølv om plast er eit lovleg driftsmiddel innanfor Debio-regelverket meiner fleire at det ikkje er aktuelt ved økologisk drift og at ein må finne andre løysingar.
Handluking i rada er som regel nødvendig også når ein bruker plast.


