Sjukdomar
I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.
Tabellen lister opp dei vanlegaste sjukdomane som råker bringebær, og omtalar dei beste tiltaka for å førebyggje sjukdom.
| Dei mest vanlege sjukdomane på bringebær og tiltak mot dei | |
| Sjukdom | Tiltak |
| Gråskimmel på bær | Hald hekken open. Plukk reint ved kvar hausting og fjern bær som er angripne. Bæra skal ut av hekken og helst ut av feltet. |
| Skotsjuke | Fjern gamle skot straks etter hausting og tynn hardt ut i nye skot. |
| Gråskimmel på nye skot | Hald hekkane smale med god gjennomlufting. Fjern nye skot utanom hekken fleire gonger i vekstsesongen. |
| Rotråte | Plant i veldrenert jord, gjerne på drill. Kjøp kontrollerte planter. Vatne ofte og lite. Unngå jord som kan vere infisert med raud rotråte. Bruk sortar som er sterke mot rotråte. |
| Virussjukdommar | Kjøp statskontrollerte, friske planter sidan virus vert spreidd med plantemateriale og bladlus. Fjern planter ved mistanke om virus. Godt ugrasreinhald hindrar spreiing av smitte. Ikkje dyrk bringebær etter jordbær; same nematodeartar kan overføra virus til dei begge. |


