Plante- dyrking

Skadedyr

I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.

I økologisk dyrking er det ei sentral oppgåve å syte for gode livsvilkår for dei naturlege fiendane til skadedyra som kulturvekstane er utsette for. Dei naturlege fiendane er insekt i ulike stadium av livssyklusen, slik som
laupebiller, rovteger, marihøner, gullauge og saksedyr, samt større dyr som flaggermus og ulike fugleartar.

Eksempel på tiltak som kan fremje bestanden av nyttedyr:

  • fuglekassar og andre typar «reir» for nyttedyr i og rundt feltet
  • jorddekke av daudt plantemateriale er fint skjul for mange insekt
  • blomstrande plantar med ulik blomstringstid i nærliggande område sikrar nektar og pollen til insekta

For nærare detaljar om dette, sjå Handbok i økologisk fruktdyrking (Schawlann 1999).

Bringebærbille

Det avgjort verste skadedyret i bringebær er bringebærbilla. Den opptrer årvisst og gneg på blomeknoppane og legg egg i blomane. Larva gneg i blome, kart og bær. For å redusere angrepa av billa må feltet ha god avstand til villbringebær og andre vekstar i rosefamilien. Tidleg om morgonen dett billene lett ned og ein kan då vatne med kaldt vatn eller banke/riste på stenglane. Når billene fell ned må det vere rovinsekt på bakken til å ta hand om dei der, særleg rovtege og nebbtege. Desse trivst godt med laus jord og litt kvist og kvast i rada.

Bladlus

Det største faremomentet med bladlus er spreiing av virus. Ved bladlusangrep kan sprøyting med grønsåpevatn (2-3 %) ha ein viss verknad.

Andre skadedyr

Det er også ei rekkje andre skadedyr som år om anna kan gjera skade i bringebær. Dei viktigaste er bringebærfluge, bringebærmøll og bringebærborkgallmygg. Det finst ikkje direkte tiltak å setja inn mot desse. Godt stell, mekanisk ugrasreinhald og fjerning av sjuke skot er viktige førebyggjande tiltak.