Vatning
I kommersiell bringebærdyrking bør ein ha tilgang til vatningsanlegg. For lite vatn fører til redusert avling og små bær. For mykje vatn kan skade bringebærrøtene og auke faren for rotråte. Av omsyn til dette bør ein vatne ofte og med små mengder, og ikkje sjeldan og mykje.
Kor mykje vatn som skal til må ein kjenne etter i jorda og eventuelt bruke tensiometer. På varme sommardagar kan ein rekna med eit dagleg vassbehov på 6 til 7 mm. I modningstida treng plantene ekstra med vatn.
Dryppvatning eller spreiarar?
Enkelte hevdar at dryppvatning gjev redusert rotutvikling og at berre ein del av røtene får tilstrekkeleg med vatn. Det vil i tilfelle vere særleg negativt ved økologisk drift. På den andre sida er dryppvatning gunstig med omsyn til soppsjukdomar i og med at planta ikkje vert våt.
Spreiarar fordeler vatnet jamt i heile feltet og kan riste ned bringebærbiller. Det kan og vere nyttig å kjøle ned plantane med kaldt vatn på særleg varme dagar. Ulempa med spreiarar er at faren for soppsjukdomar aukar. Det er difor ein føremon å vatne når plantane likevel er fuktige, det vil sei ved dogg og regnfall.


