Plante- dyrking

Hausting

Det er ein stor føremon å hauste relativt ofte for å unngå overmodne bær og ikkje minst fjerne sjuke bær jamleg.

Friskkonsum

Bær til friskkonsum må haustast ofte, det vil seie annankvar eller tredjekvar dag. Bæra må haustast mens dei ennå er faste, dvs som raudmodne.

Industri

Bær til industri kan haustast sjeldnare, og gjerne vere meir modne. Rask nedkjøling av bæra etter hausting er avgjerande for kvaliteten.

Plukkekostnad

Haustearbeidet utgjer største utgiftsposten i bringebærdyrkinga. Plukkekostnadane er lågare på sortar med store bær samanlikna med sortar med små bær.

Avling

Ein har ikkje solid talmateriale for oppnådd avling i økologisk bringebærdyrking, men i bæråra kan ein anslagsvis vente seg mellom 700 og 800 kg salsavling per dekar.