Ulike typar veksthus
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Jordgolv
Hus med jordgolv kan vera alt frå enkle plast- eller glashus utan oppvarming til meir moderne veksthus med varme. Felles for alle typene er at tomatane vert dyrka i jord. Tidlegare skjedde all tomatproduksjon i slike hus her i landet, og vellukka økologisk tomatproduksjon er nok enklast i slike hus. Står ein fritt og skal byggja nytt veksthus for økologisk tomatproduksjon, er ei slik løysing aktuell. Om plantene skal alast opp utan ekstra varme, vil vi truleg kunna produsere tomater i 2-4 månader kvart år. Produksjon heilt utan ekstra varme er usikkert. Det er lett å få problem med soppsjukdomar. I betre hus med noko ekstra varme vert produksjonen sikrare, og produksjonstida vert vesentleg lenger. Det er i alle høve berre snakk om kortkulturar i enkle hus.
Faste golv
Hus med faste golv er gjerne meir moderne veksthus med god isolering og fullstendig klimastyring. Økologisk tomatproduksjon i slike hus er meir krevjande. Tomatane må dyrkast i ei jordblanding i ei eller anna form for kar eller store potter.
Kostnadar
Utanom økologiske omsyn, er det sjølvsagt økonomiske omsyn som vert avgjerande for den einskilde sitt val av veksthustype. Generelt vil hus med faste golv vera mest kostbare, men det er mange moment som vil påverka økonomien.
Les meir:
>>Veksthus og andre klimafremjande tiltak


