Energibruk
Økologisk interesserte menneske freistar å nytta fornybar energi til å produsere mat. Det blir sett opp lågenergiveksthus og veksthus som utnyttar overskotsvarme frå bustadhus, husdyrrom, industribygg, kontor-/forretningsbygg, frå kompostering av matavfall/gjødsel, frå jord eller sjø. For å få det til må det brukast varmepumpe, og ofte i kombinasjon med ulike former for varmemagasin. Frå ein økologisk synstad er dette rett, men med dagens prisar på energi er det ikkje økonomisk lønsamt å utnytta alternative energikjelder for den einskilde. Mange av dei som driv økologisk landbruk, vil trass i det velja løysingar som er meir riktige i eitt økologisk perspektiv.
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Dei vanlegaste oppgåvene i veksthus er: oppvarming, lys, lufting, skyming, brusing, kortdagsbehandling og gjødsling/vatning. Alle desse oppgåvene kan skje automatisk - styrt av ein datamaskin. I norske veksthus vert det brukt kunstig lys frå 5 000 til 15 000 lux. Dette krev mykje energi. Alt etter storleik på drifta, økologisk medvit og økonomi, vert det valt ulike grader av automatisering.
Når det gjeld detaljar om bygging av veksthus, bygningsmateriale, ulik oppvarming, utstyr og automatisering, syner vi til dei veksthustekniske handbøkene til Jon Stene som er ført opp i litteraturlista.


