Enkle veksthus
Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule
Det høver med relativt enkle vatningssystem som overrislingssystem eller manuell vatning. Gjødslinga skjer som regel manuelt. Det vil sjeldan vera rett å satsa på permanent oppvarming og ekstra lys. Derimot er det aktuelt å bruka vifteomnar for å koma over ei frostnatt eller for å heva nattetemperaturen ein periode. Varmbenk inne i slike hus vil gje både varme og karbondioksid til plantene i huset. Luftinga skjer vanlegvis manuelt ved å opna dører eller ved at det vert opna felt på langsidene.
Plasten bør takast ned om hausten før frost og hauststormar set inn. Lysgjennomgangen i plasten vert gradvis dårlegare frå år til år, men om ikkje lyskrava er for store, kan plasten nyttast i mange år. Dyrking tidleg på våren krev god lysgjennomgang. Utpå sommaren vil dårlegare lysgjennomgang hindra overoppheting. Det er difor ikkje naudsynt med skygging på slike hus. Det er viktig å få plasten på tidleg om våren. Det varmar opp jorda.


