Plante- dyrking

Jord

Djup, moldrik jord med litt leire vert rekna som beste tomatjorda, men lettare jord og myrjord kan også gje brukbare avlingar. Slik jord stiller større krav til gjødslinga. Tomatjord bør vera godt drenert. Tomatane trivst best ved pH 5,5 - 6,0.

Olav Bø og Bjørg Fritsvold, Sogn Jord- og Hagebruksskule

Dersom du skal dyrka tomatane i veksthus med jordgolv, må veksthuset plasserast på jord som høver for tomatdyrking. Den tida det var vanleg å dyrke tomatar i slike hus, vart jorda vanlegvis skifta etter tre år. Nokre skifte jorda oftare. Innimellom vart jorda dampa. Det vart dampa etter behov - ofte kvart andre år. Dampinga bør utførast om hausten etter at huset er rydda. Til damping treng du ein kjele som produserer rikeleg med vassdamp. Dampen vert tilført gjennom panner oppå jorda eller gjennom gaflar (røyr med hol i) om lag 30 cm nede i jorda. Gaflane må gravast ned i jorda rett før bruk og fjernast etterpå, elles vil dei skapa problem når jorda skal fjernast. Under jorddampinga må det nyttast termometer i jorda. Kjem jordtemperaturen opp i 100 ºC er det nok, men om temperaturen stoppar på 80 ºC, må det gå nokre timar. Metoden er arbeidsam, men drep alt levande og har fungert i fleire generasjonar. Etter damping må ein vera forsiktig med nitrogengjødslinga til tomatane neste vår, fordi dampinga frigjer nitrogen.Ved økologisk dyrking kan mykje av dette også vera aktuelt i dag.

Jordblanding

Dersom du skal dyrka tomatane i veksthus med betonggolv må du bruke ei jordblanding i eit eller anna form for kar. Det vert såleis ei avgrensa jordmengde per plante. Generelt kan vi seie at di meir jord di betre er det. Her vert den største utfordringa å finne ei optimal jordblanding. Jorda bør vera luftig. Det er fleire blandingar som kan brukast, avhengig av overgjødslinga. Svakare jordblanding må overgjødslast sterkare og omvendt. Eit godt utgangspunkt kan vera ei blanding med 1/3 godt omdanna kompost og 2/3 jord med noko naturtorv i. Etter kvart som plantene toler meir nitrogen, kan ein tilføre ei toppdressing av storfe- eller sauegjødsel. Slik husdyrgjødsel bør ikkje vera heilt fersk. Ei slik toppdressing kan evt. blandast med torvstrø. Toppdressinga må haldast fuktig. Dryppvatning er ikkje tilstrekkeleg til dette.

Halvrøyr

På Sogn Jord- og Hagebruksskule har tomatane vorte dyrka i store plastrøyr. Røyra har diameter på 40 cm og er delte på langs. På toppen av kvart "halvrøyr" er det laga ei enkel ramme av 10 cm plank på høgkant. Dette gjev meir jord til plantene. Slike renner gjev også høve til oppsamling av vatn og gjødselvatn. Ved dyrking i renner eller i store potter er det relativt lite jord per plante, og difor relativt stor trong for overgjødsling.